Terningkast 5: DEPUI

Artikkelen er over 6 år gammel

”Manhood”

DEL

Er det ikkje irriterande når ting går under radaren din? Sånn som denne plata har gjort for meg. Den kom riktig nok ut for berre nokre månader sidan, august, men den drukna i den etter kvart jamne straumen av nye utgjevingar. Og i den straumen er det ikkje alltid at det med høgast kvalitet stikk seg klarast fram.

Men det er no godt då at eg endeleg vart klar over denne plata. Der hovudpersonen og låtskrivaren er Bent Ivar Depui Tversland. Og han står bak ei veldig bra plate. Som svingar innom streit rock, balkanpop, blues og skranglecountry. Med andre ord ein skikkeleg smeltedigel som kunne ha sprika i alle retningar. Men som sjølvsagt ikkje gjer det. Og det er jo sjølvsagt på grunn av dei sterke låtane.

"Destined to Fly" opnar plata med eit snev av balkanpop. Ein sjanger som blitt øydelagd litt for meg av Katzenjammer. Med Depui har ein heilt anna tyngde og kvalitet i det driv med enn før nemnde gruppe. Og refrenget er av den sterke sorten. Dei held fram i same leia på ”Baby Jane”. Men med meir enn eit snev av Balkan. Og eit uttrykk så dynamisk og friskt at det fristar til gjenhøyr. ”Manhood” er meir sprettent. Med meir enn eit snev av skakk, vindskeiv country. Men likevel med høg kontroll og trykk. Meir skakk country og meir Balkan på "Rearranged". Med fiolin og blåsarar. Og ei smårabiat framføring. "Buzride" er i utgangspunktet ein ballade. Men med eit trykk som hadde passa som lydspor til orkanen Sandy sine rolegare stunder. God dynamikk og mykje instrument i dei mest brutale partia. Spesielt gitaren gjer mykje bra av seg. Også på ”Fake” er det mykje gitar. Stakkato vers med fine utløysande refreng. Og ein overstyrd sologitar som held det heile saman med sine fine stikk. "Demon Heartache" bringar attende Balkanpopen med eit fint trekkspel. Men det er ikkje mangel på trykk undervegs. Dei veit sanneleg å variere framføringa. Dei roar det heile ned på ”King”. Platas nydelegste og beste låt. Ein duett saman med eg veit ikkje kven. Men nydeleg er det. "When she Comes" er litt småjazza taffelpopaktig. Men platas avsluttingslåt er ikkje så mykje taffel når Tversland syng den heim. Følgd av mellom anna nokre fine blåsarar.

Og då var vi ferdig, denne gongen alt for tidleg. Med sine vel 25 minutt er ikkje plata meir enn ein lang EP. Men eg håpar at denne karen har meir på lager. Og at vi snart får høyre meir.

Artikkeltags