Terningkast 5: DEATH BY UNGA BUNGA

Artikkelen er over 5 år gammel

"You're An Animal"

DEL

Mossebandet er etter eige utsegn igjen klare til å spreie det gode bodskap for tredje gong på tre år. Og det klarar dei leikande lett.

Igjen like tidsbestemte, garasjerock og 60-talsinspirert rock. Men samstundes like tidlause. Med like god kontroll på låtskrivinga.

Men vent, det er meir. I forhold til førre plata føler eg dei har utvikla seg. I kvart fall sånn som eg kan hugse den førre plata.

Spesielt bruken av blåsarar her og der tek dei litt vidare. Dei brukte for så vidt blåsarar førre gongen og, men eg tykkjer dei læt annleis denne gongen. Spesielt den litt småfunky "Suspicion" med sine blåsarar skil seg ut her. Dei verkar å ha hoppa fram eit tiår. Det same kan seiast om ”Tambourine”, utan blåsarar. Meir roleg og ettertenksam. Men dei er og seg sjølv lik så det held. "I Don't Understand" høyrest ut som garasje-Kinks. ”Getaway” gir og jernet så det held. Orgelet på den litt rolegare "I'm not the one" skil seg og ut. ”ABBA” veit du godt kven handlar om. Nærast som ein låt av Redd Kross.

Med andre ord, gruppa har hatt ei viss utvikling og dei har ikkje stivna i si eiga form.

Utvikling er bra når det, som her, blir betre.

Artikkeltags