Av og til er De Musikalske Dvergene verdas beste band. Helge Grønhaug er den arketypiske bergensar (eg er opphavleg frå Bergen, har eg nemnt det før?). Tekstane hans er underfundige og elegante. Melodiane han og resten av Dvergene framfører er over gjennomsnittet fengjande. Og av og til er det berre dette eg treng.
Og når dei i tillegg klarar å utvikle seg litt gjer dei ikkje sakane verre. Utviklinga her er at dei har leigd inn Ole Reinert Berg Olsen (ORBO) som produsent og musikar. Han har gitt bandet ein ny brodd.
For elles høyrest dette ut som De Musikalske Dvergene skal. Men lyden på opninga ”Tunge Steiner” kan tyde på at det er ein ny sheriff i dvergbyen. Dei har aldri låte så amerikansk, så tunge i lyden. ORBO har tydelegvis tatt med seg triksa han lærte i junaiten. Og implementert dei i innspelinga til De Musikalske Dvergene. (Implementert? Kva pokker er det no du held på med? Har du vore på kurs i regi av NHO? Slutt!! – Red.) Og det kler Grønhaug & CO veldig godt. ”En Dame i Odda” er attende til normalen. Litt lettare og meir ledig. Men framleis litt ”over there” med banjo og dobro. Og ein tekst typisk Grønhaug. Det er ikkje nokon andre som brukar orda krank og klein om å føle seg dårleg. Dei gjer seg litt tyngre igjen på ”Klø Deg Når Det Klør”. Med nok ein stor tekst. Er det naivt? Kanskje. Er det barnsleg? Nei. Er det genialt? Ja. Men berre vent. Det blir endå betre undervegs.”Camouflage” av Stan Ridgway?.eh, "Jørgensen og Eg" er i så måte første steg på vegen. Når eg nemnar Ridgway sitt meisterverk, er det fordi låten om unionsoppløysinga verkar å være i overkant inspirert av denne. Og visstnok er det. Den passar uansett glimrande inn i dvergeuniverset. Alle låtar som byrjar med tekstlinja ”Kiker inn mot Askøy”, som til dømes "Selevandring", må berre vere bra. Nok ein genial tekst som handlar om mellom anna forlis av Hurtigruten, auksjon av Lennon sitt toalett og er ein ballade som treff meg rett i hjartet. Og plasserer kjenslene mine på utsida av huda. Der dei allereie er grunna heilt andre årsaker. Låten er så intens og kjenslevar at det veltar opp i meg. Platas beste låt pr. no. ”Constanse” har fått eit meir countryinfluert lydbilete. Musikalsk ikkje ulikt bykollega Robert Smith-Hald. Dei køyrer inn att på balladesporet med ”Et Annet Sted”. Med nydelege twangy gitarar og brusande hammondorgel. Igjen heilt nydeleg og kjensleomveltande. Dei får meg rett og slett til å føle meg veldig bra. ”To av Alt” har platas beste tekst. Litt bluesswing i takta. Ein duppeditttekst som i mi verd går Øystein Sunde ein høg gang. Det treff meg så mykje betre enn noko av det Sunde nokon har laga. Nok ein genial kvardagsobservasjon frå Grønhaug. No veit eg ikkje kor lang tid Grønhaug brukte på ”En Kjedelig Sang”. Men resultatet blei langt frå kjedeleg. Ein litt uptempo modifisert Bo Diddley-influert låt. ”Kråkeskrik og Vatten” er bergensversjonen av Willy DeVille. Med nydeleg trekkspel heile vegen frå New Orleans til Bergen via New York. Med berre akustisk gitar som akkompagnement blir likevel ”Vekk her ifra” meir enn intens nok. Ein song om å stikke av. Er det Marianne han dreg i frå? ”Birger Karlsen” er nok ei betraktning over livet. Om det å ikkje strekke til. I lyden nær det ein kan kalle typisk Dvergene. Platas siste låt, ”Vateren”, er ikkje det ein kan kalle typisk Dvergene. Sein 60-tals, tidleg 70-itals, rock med brusande orgel og fine gitarar. Litt Deep Purple, men bra. Utan slitsame gitarsoloar. Og ein tekst om familien til Grønhaug. Med ein vater som ein viktig del av universet. Og til slutt sit eg igjen og kjenner på at eg har høyrt på den beste plata til De Musikalske Dvergene. Forventningane eg hadde til at ORBO skulle produsere denne plata her blitt innfridd til så dei gradar. Han har bidrege sterkt til at De Musikalske Dvergene har levert si til no sterkaste plate. Og ja, av og til er De Musikalske Dvergene verdas beste band.