Terningkast 5: DAVID LOWERY

Artikkelen er over 8 år gammel

”The Palace Guards”

DEL

Mannen bak tidenes mest geniale låttittel solodebuterer endeleg. Etter ei rad fine plater saman med Camper Van Beethoven og Cracker. Låten eg tenkjer på er sjølvsagt ”Take The Skinheads Bowling”. Av Camper Van Beethoven. Sjølve låten var berre god. Men med den tittelen blei det genialt.

Som soloartist er ikkje Lowery så ulik dei banda han har vore medlem av tidlegare. Berre litt meir americanainspirert.

”Raise Em Up on Honey” er ein fin slentrande countryfolklåt, som raskt viser at Lowery meiner alvor. Knallsterk melodi med eit fint munnspel som reisefølgje. Tittelsporet ”The Palace Guards” fortset for så vidt i same sporet. Men eg må innrømme at eg hadde problem med denne låten i byrjinga. Det høyrest nesten ut som han lagar låten etter kvart som han speler den inn. Men han får det til mot slutten og kjem i mål på ein fin og harmonisk måte. ”Deep Oblivion” er ein heilt roleg låt med en hypnotisk gitar i front. Og botn saman med eit teppe av mørke strykarar. Igjen med sterk melodi og vokalisten Lowery som har blitt varm i trøya. Og har funne eit djupare stemmeleie. Like hypnotisk, men litt lysare og raskare, er han på ”Ah You Left Me”. Igjen med mykje stemningsfull gitar. Og eit refreng av det nesten trivelege slaget. Berre nesten. Tittelen skulle vel sette dette på plass. ”Boy, All Those Girls Meant Nothing To Me” er den låten som lydmessig ligg nærast Cracker. Atter ein gong med sterk melodi. Men denne gongen med utagerande (i høve til resten av plata) vokal. Og litt tøffare lydbilete. Nærast folkrock vartar han opp med på ”Sold The Arabs The Moon”. I valsetakt og med ei melodiøs fele som vil gjere Odd Nordstoga blank i auga av stoltheit. ”Marigold” er like fin, men streitare. Ein beint fram poprocklåt. Som tek deg frå a til å utan nokre utan å opprøre deg på noko måte. Om du då ikkje blir opprørd av ein endå ein gong sterk melodi. Diskret bruk av blåsarar er det som skil ”Big Life” frå resten. Men stemninga er hypnotisk som på ”Oblivion” og ”Left Me”. Med eit teppe av gitarar i botnen på den slentrande, for ikkje å seie, krypande låten. ”Submarine” varslar at det heile er over. Alt for tidleg. Ein countrylåt langt frå det maritime miljøet, sjølv om tittelen skulle antyde noko anna.

Alt i alt ein sterk solodebut frå Lowery som viser at han har fleire bein å stå på. Når han er utanfor sine vande råmer.

Artikkeltags