Om dette kan kallast ei gjenforeining eller ikkje er eg ikkje så sikker på. Gruppa var knapt nok foreint då førre plata, «The Lost Weekend» kom i 1985. Ei helg til innspeling av plata og 3 konsertar kan knapt nok kallast ein karriere.

Men når det er sagt: Danny & Dusty som er Dan Stuart (Green On Red) og Steve Wynn (Dream Syndicate og soloartist) gjorde noko på denne korte tida som står fjellstøtt i dag, 22 år seinare. Og utan å gå i detalj (gudane skal vete at eg har lyst) om denne utgjevinga, så var den mildast talt ein klassikar. Den blir elles no reutgjeven i forbindelse med denne utgjevinga.

Spørsmålet blir jo då om dette er ein verdig oppfølgjar til førsteplata, og det er det ingen grunn til å tvile på.

Med frå førre plata er Chris Cacavas (Green On Red) og Stephen McCarthy (Long Ryders). Nye på laget er Johnny Hott (House Of Freaks), Bob Rupe (The Silos, Gutterball) og produsent JD Foster (Calexico, Richmond Fontaine, Alejandro Escovedo, Green On Red).Og saman har denne gjengen kome opp med ei utgjeving som pustar forgjengaren i hælane, Musikalsk ligg dei som førre gong i vindskeivt country-americana-indie-land, nærare det Green On Red vart kjend for enn Steve Wynn/Dream Syndicate.

Nye klassikarar som «The Old Days», «Warren Oates» og «Thanksgiving Day» gjer denne plata til ein oppfølgjar som ikkje gjer skam på debuten. Og dei før nemnde låtane skil seg ikkje så veldig frå resten, der berre nokre småplukk dreg ned.