Terningkast 5: DANA SWIMMER

Artikkelen er over 6 år gammel

"Veloce"

DEL

This Is American Music aukar utgjevingsfrekvensen og gir ut allereie no si andre plate for året. Og atter ein gong gjer dei noko annleis. Årets første utgjeving, Dorado, låg litt på sidan av den sørstatsinspirerte americanaen dei har spesialisert seg på.

Dana Swimmer er eit band basert i Athens, Georgia. Men opphavleg frå ein av forstadane til denne byen, Cleveland. Og om eg skal trekke musikalske referansar blir det ei blanding av Alabama-bandet Through The Sparks og Athens-bandet The District Attorneys. Berre for å halde det innan familien.

Etter det seks sekunders opningssporet, ”Lion v. Haircut”, hoppar dei i veg med "Fairground Girl". Passe sprettande, passe uvørent i lyden. Med eit rolegare, meir atmosfærisk avsnitt mot meir ettertenksamt. "Oh Sista Oh" fortset i ein meir taktfast gate. Med mykje fine gitarar som leikar ved sidan av kvarandre. Heilt roleg blir det ikkje på "I'm Still Your Man". Men farten blir sett ned. Kraftfull vokal og sval, storslått koring. Det er nesten som ein anar sommaren i det fjerne. tidvis hypnotiserande.

”The Machine” er ein lydsnutt på åtte sekund, "Stardust Babies" fortset med mykje leikande gitarar med keyboards fletta inn. Igjen med fine koringar. På ein storslått, men smakfull måte. Nok eit kort kvileskjær, ”Tilda”, orientalsk i lyden og under eit halvt minutt glir etter kvart over i som glir over i platas tyngste og beste låt. "Mother Nature". Stadig mykje gitarar som går inn i kvarandre. Men ikkje i vegen for kvarandre. Og eit piano baksande nede i miksen. Ein låt som får deg til å vri opp volumet. Rett og slett herleg. Avsluttinga "Signs of Symmetry" bringar oss i nokre sekund ut på vestkysten. Men dei hoppar etter kvart i veg anmericanaindie-sporet frå opninga på plata. Og køyrer det heile fint i heim att.

Ein kan eigentleg kalle dette kva ein vil, det er uansett kvaliteten på låtane som til sjuande og sist avgjer. Og det er nettopp det alle utgjevingane til This Is American Music har til felles, sterke låtar. Og "Veloce” er som du skjønar ikkje noko unntak.

Kjøp her:

Artikkeltags