Terningkast 5: COSMONAUT ON VACATION

Artikkelen er over 6 år gammel

"Let the Moment Land"

DEL

Det er mykje overraskande som dukkar opp. Som til dømes kraut-rock frå Birmingham, Alabama. Og sjølvsagt er det This Is American Music som står for utgjevinga. Eigentleg ikkje så overraskande tatt i betraktning av at dei gav ut plata til Dorado tidlegare i år. Til liks med den har denne plata røter i det fantastiske bandet Through The Sparks. Cosmonaut on Vacation er i realiteten Greg Slamen frå nemnde band og Zach Evans på trommer. Slamen står for stort sett dei fleste andre instrumenta. Med litt hjelp her og der.

Så kva har vi her? Eg nemnde kraut-rock i innleiinga. "Rundown at Sundown" set i så måte skapet på plass. Tung, storslått skiten instrumental elektronika. Som godt kunne ha vore spelt inn i Vest-Tyskland på byrjinga på 70-talet. Denne saman med "The Little Things", som fell i same kategori, har Slamen spelt inn heime på laptopen sin. Sistnemnde riktig nok med vokal. Utan at ein på nokon måte reagerar på innspelings metoden.

"Alright If We Fight" rettar blikket mot nyare tider. Men ikkje meir enn 10-15 år. Nærare bestemt den amerikanske vestkusten og Paisley Underground på 80-talet. Dei hoppar to tiår attende på "Dirty World". Og tar med seg litt av The Hoodoo Gurus. Tøff garasjerock. "Float Song" held seg i same tiåret, men med ein meir psykedelisk vinkling. Tenk England og Pink Floyd i Syd Barrett-æraen. Dette gjeld også for "Up to Me" som kjem seinare på plata.

"We Could Use a High Horse" er nok den lettast tilgjengelege låten her. Ein lys og fin poprock-låt. Med piano og innlagt plystreparti. Men Slamen var ikkje ferdig med kraut-rocken, platas magnum opus er "Hallo(w) Gallo(w)". Ein coverversjon av Neu! sin mektige låt frå 1971. Og dei gjer ikkje skam på originalen, som riktig nok berre heiter ”Hallo Gallo”.

"Underneath the Sun" avsluttar plata i det småpsykedeliske hjørnet. Men ikkje så datert som dei tidlegare innslaga. Den er meir moderne.

Nok ei overraskande plate frå This is American Music. Med musikk som eg i utgangspunktet ikkje hadde noko forhold til. Men det viser berre at når dei rette personane prøvar, klarar dei å opne auga og øyra mine for ting som eg før har ignorert.

Ei sterk plate!

Kjøp her: http://cosmonautonvacation.bandcamp.com/

Artikkeltags