Terningkast 5: COSMIC DELAY

Artikkelen er over 6 år gammel

”Tunes of Secrecy”

DEL

Fengande låtar? Det kan du banne på!

Oslobandet som her platedebuterer, blandar inn element frå alternativ rock og indiepop. Og har av nokre blitt skildra som Twin Peaks-pop. No er det ikkje så gåsehudframkallande som det eg forbind med TV-serien Twin Peaks. Gitaren i kjenningsmelodien. Det finnest knapt anna musikk som får fram sånne kjensler som den.

Men med det rydda av vegen kan eg berre fastslå ein ting: Dette er ei veldig bra plate. Til tider særs atmosfærisk og kjenslevar.

”Reload” opnar plata og er nærast ein fest. Med eit mildt sagt glimrande vokalarbeid frå Ida Mary Cowell. Spesielt på refrenget. Som er manifestasjonen av fengande. Sjølve låten kan karakteriserast som fin spretten indiepop. Men mykje varmare enn det sjangeren vanlegvis er. Og sånn fortset dei på ”Can Of Peas”. Litt meir avslappa og tilbakelent. Men også her fint og solid vokalarbeid. I tillegg blir vi introdusert for fiolinen til Hanne Benum Lorange. Som kjem sterkare med etter kvart. ”Sideways” opnar med ein snål sampling. Frå eit somneksperiment eller liknande. Låten byr på meir av det same som i opninga. Men etterkvart med fiolinen meir sentral. Noko som gjer at eg får assosiasjonar til Alabama-bandet Delicate Cutters. I indiepop-utgåve. Ein litt skranglete, litt skummel akustisk gitar byrjar ”Born To Blues”. Og låten kan nærast karakteriserast som det, blues i indiepoputgåve. Igjen med fiolin og veldig bra vokal. ”Juicebox” var første singelen frå plata. Og med sitt meir synthesizerdrivne lydbilete er den faktisk ikkje representativ for plata. Her ligg dei nærare Vampire Weekend. Her med heilt nydeleg vokal frå Cowell. Og om låten blir litt uvand for meg, er den veldig bra. Sjølv om tittelen antydar det, er ikkje ”Geisha” spesielt orientalsk. Litt rolegare, etter kvart med fiolinen som god stemningsskapar. ”Shake Your Maker” opnar med ein frekk powerpopgitar. Og powerpop er ei fin beskriving av denne låten. Med ein frekk, til tider hoggande fiolin. Platas tyngste låt. Dei avsluttar roleg, i takta i kvart fall, med ”Here She Sings”. For om det ikkje går så fort unna, er det tungt nok. Og at ho syng er det ikkje tvil om. Cowell tek her ut dei siste kreftene og den avsluttande balladen blir nærast episk.

Ei heidundrande avslutting på ei sterk plate.

Artikkeltags