Terningkast 6: CORY CHISEL & THE WANDERING SONS

Artikkelen er over 6 år gammel

”Old Believers”

DEL

Adriel Deane har æra av opne årets Cory Chisel-plate. Med den nydelege “This Is How It Goes”. Ei plate om du hadde trudd på meg her, er mannens andre. Men å tru på meg, kan du av og til berre gløyme. Dette er mannens tredje under dette namnet. Tek du med dei tre med Breathing Macchine. Ei med Wandering Sons. Pluss ein EP under same namn. Ein 12” vinyl-EP under namnet Cory Chisel. Og to EP’er under namnet Cory Chisel & The Wandering Sons, skjønar ein det at eg med trua i før nemnde platemelding var langt ute og sykla.

Årets utgjeving er i sin heilskap produsert av Brendan Benson. Og gitt ut på same mann sitt plateselskap, Readymade Records. Benson på gitar og keyboards. Billy Mercer og Brad Pemberton, bass og trommer. Dei to sistnemnde mest kjend frå Ryan Adams sitt band. The Cardinals. Til liks med Jon Graboff, gitar og pedal steel. I tillegg til Young Hines, på mellom anna pumpeorgel. Også ute med plate i disse dagar. For å nemne nokre.

Men uansett kva for musikarar han har med seg. Det er låtane som gjør denne plata. For dei er som vi etter kvart er blitt vande med, av høg kvalitet. Monsterkvalitet.

Platas opning, nemnd over, skil seg ut frå resten. Det er først på andrelåten Chisel set stemninga. ”I’ve Been Accused” blei slept som smakebit for nokre månader sidan. Om ein låt nokon gong har fått meg til å glede meg til ei plate, så var det denne. Og låten er framleis like sterk og skinande. Med sin sterke melodi og fine tekst. Litt rolegare og meir melodiøs enn på førre plata. Med slagar skrive med store bokstavar over seg. Om det var opp til meg. ”Old Love” ligg meir i popcountryterrenget. Også den med ein knallsterk melodi. Med høg nynnefaktor. Litt rolegare i ”Never Meant To Love You”. Som får meg til å skjøne at Chisel på denne plata står fram som singer/songwriter på elitenivå. Akustisk gitar med etter kvart smakfullt countryklingande komp. ”Please Tell Me” trykkar på litt meir. Litt meir tempo og mot 70-tals vestkustrock. Til tider heilt nydeleg. Eg veit ikkje kven Laura er. Men låten med same namn byrjar vart med piano. Og held seg der. Etter kvart med følgje frå strykarar avdukar Chisel platas sterkaste melodi. Litt meir instrumentering og trykk på ”Foxgloves”. Men framleis bevegar vi oss sakte og sikkert frametter. Før refrenget eksploderar. Og roar seg ned att. Så inderleg nydeleg. Før han gjentek bedrifta. Han gjør det ikkje lett å plukke ut eit høgdepunkt her. Så langt har dei stått i kø. ”She Don’t Mind” gjev oss eit pustehol. Med plukkande akustisk gitar og smakfulle strykarar. Og nydeleg følgjevokal på refrenga. Litt råare på ”Times Won’t Change”. Med ein fele som ledande instrument. Country med ein smule skarpe kantar. ”Seventeen” introduserar pianoet igjen. Og det går som ein raud tråd gjennom låten. Nok ein gong vestkystorientert. Med tidvis mykje strykarar og meir trykk. Låten ”Over Jordan” kunne ha vore henta frå Dylan sin ”Highway 61 Revisited”. Med betre lyd i stereo. Og ikkje så rabiat. Men eigentleg like primitiv. ”Wood Drake” avsluttar nok ei fantastisk plate frå Chisel. Igjen med eit behageleg vestkystlydbilete. Med strykarar og smakfulle gitar. Eit sound med snev av flørt med vestindiske rytmar. Med eit vell av instrument som bevisst blir heldne i taumane. Der det uutalte gjer at denne låten verkeleg snakkar til deg. Det du ventar på kjem aldri. Men det er der likevel.

Eg tykte denne plata verka litt kjedeleg i byrjinga. Men som du skjønar, så har den vakse. Den er rett og slett blitt eit monster av ei plate.

Artikkeltags