Etter dei to fine platene "Songs From Two-Room Chapel" (2002) og "Faya" (2005) er det no klart for den vanskelege tredjeplata. (Men kvifor blir det eigentleg kalla den "vanskelege tredjeplata"? Har du laga to frå før burde jo ikkje ei tredje vere noko problem, eller?)
For dette høyrest ikkje vanskeleg ut i det heile tatt, melankolien ligg framleis tjukt utanpå. Eg har tidlegare beskrive Kjellvander som ei blanding av Midnight Choir og Townes Van Zandt pluss ein tøtsj av Springsteen i "Nebraska"-modus. Den beskrivinga gjeld også her, men denne gongen tykkjer eg han er blitt enno litt mørkare og meir intens. Og det er ikkje å forakte i det heile tatt. Mannens foreløpig beste plate!
Høgdepunkt: "Two Souls" og "When The Mourning Comes" (kjempetøff banjo!).