Terningkast 5: catl.

Artikkelen er over 6 år gammel

”Soon This Will All Be Gone”

DEL

Kanskje eg har fått ein ny kanadisk favorittartist. catl kjem frå Toronto. Og spelar ein blanding av punk og deltablues. I alle fall deltablues. Med innstillinga frå punken. Og så rått og skitent at ein føler behov for å ta ein dusj etter å ha høyrt gjennom heile plata.

Igjen nokon som nyttar Bandcamp til å gi ut plata digitalt. Samstundes som dei tilbyr ei vinylutgjeving i avgrensa opplag. (500 eks)

catl står sjølv for gitar og vokal. Med seg har han Sarah Kirkpatrick på orgel, percussion og vokal. Og Johnny LaRue på trommer. Og eit par gjestemusikarar som vekslar på å spele munnspel. Om eg har skjønt alt rett. (Eg ville ikkje ha vedda på akkurat det. Nei, for LaRue har slutta for å gå attende til lærarjobben sin. Og blitt erstatta av Andrew Moszynski).

Dei nemnar Mississippi Delta-blues musikarar som Fred McDowell, John Hurt og Son House som inspirasjonskjelder. Legg til at dei kan minne om The Cramps på det villeste. Til liks med dei gjer catl her ein coverversjon av Hasil Adkins. Og høyrest til tider ut som eit tog som held på å spore av. På ein god måte.

Men når det er sagt, denne plata er langt meir variert enn ein skulle tru. Grunnen er Sarah Kirkpatrick sitt orgel og vokal.

Plata byrjar og sluttar med ein kort snutt. Furry Lewis sin ”Kassie Jones” opnar med ein skranglete gitar og vindskeiv tostemt vokal. Og klokkar inn på litt over minuttet. ”Gold Tooth Shine” har då fått rydda plass til å byrje forsiktig. For så å truge med å spore av. Den første skranglete køyreturen som ikkje nødvendigvis går rett fram. Intens blues med kraftig munnspel og igjen tostemt vokal frå catl og Kirkpatrick. Same dobbelvokal på ”Talk Too Much Blues”. Ein lynkjapp liten røvar av ein låt. ”Gotta Thing For You” er seigare, tyngre og lengre. Med platas første solovokal frå Kirkpatrick. Som då er grunnen til at dette blir så variert. Igjen med eit glitrande bluesmunnspel. Men så er det på tide å gje jernet med ”Cinderblocks”. Over seks minutt med rask malande blues. Med gansske så psykotisk vokal frå catl. Og etter kvart kaskadar av orgel frå Kirkpatrick. Ein leikar ikkje butikk her. Majestetisk og sjanglande som berre det. ”He'll Make A Way” er ein gospelstandard. I litt rolegare tempo. Med full instrumentering og Kirkpatrick på hovudvokal. Med catl lurande i bakgrunnen. Ein saktare låt med det soniske intakt. Men dei visar på ”5 Miles” kvar skapet skal stå. Rølpete blues med med catl sin psykotiske vokal. Og orgelet som nærast eit hovudinstrument på ”refrenga”. Footstompin’ jukejointblues. Seks og halvt minutts halting, kryping og vakling. ”Cocaine” av Abner Jay visar ein ny side av bandet. Nærast ein ballade. Sakte blues. Med i denne samanhengen overjordisk nydeleg vokal frå Sarah Kirkpatrick. Sjølv om dei sjølvsagt nyttar høvet til å bråke litt undervegs. Noko dei sjølvsagt også gjer når dei tek for seg Hasil Adkins sin ”Get Outta My Car”. No har eg ikkje høyrt originalen. Men uansett kor galen catl sin versjon høyrest ut, når den sikkert ikkje opp til originalen. Men særleg tam er ikkje denne heller. Med eit vilt munnspel undervegs. ”Goodnight, Irene” av Leadbelly er den korte snutten som avsluttar plata. Ca. eit minutt med vellyd som ikkje gir deg mareritt. Og eigentleg ei fin, roleg avslutning på dette kraftverket av ei plate.

Men totalt sett, sveitte saker.

Artikkeltags