Terningkast 6: CAROLINE & THE TREATS

Caroline and the Treats

Caroline and the Treats Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

”Saturday Night, Rock & Roll”

DEL

Om eg trudde at Morten Henriksen med følgje ikkje skulle klare å følgje opp. Og toppe ”Bad All Over” frå 2010, så tok eg altså feil.

Som førre gong snakkar vi om powerbubblegumpop med sterke innslag av punk og glam. Med tekstar med ein underliggande tone som bringar opp både det eine og det andre. Om tekstane er av det enkle slaget, så er musikken og melodiane det ikkje. Det er ting her som er så elegant og gjennomført gjort at det overgår det meste. No trur eg eigentleg ikkje at det er så bevisst gjort. Etter å ha høyrt stort sett alt Henriksen har vore borte i, trur eg det ligg i mannens DNA. Og det blir berre betre og betre.

No trur eg ikkje mannen driv og stel. Det er nok meir inspirasjon som gjeld. Men platas høgdepunkt, ”Let’s Get Dirty”, minnar meg om så mykje forskjellig. Som eg ikkje klarar å identifisere. Det same som Nick Lowe skapte seg ein karriere på. Evna til å komme opp med ting du trur du har høyrt før. Utan at du anar kvar.

Platas andre store behaldning i tillegg til låtane, er nok ein gong gitarspelet. Den einaste norske rockegitaristen som kanskje har vore i nærleiken av Henriksen, er Knut Schreiner frå Turboneger. Men når Morten trillar ut alle triksa sine anten det er bluesrock, glam, punk, powerpop, boogierock eller streit rock’n’roll, kjem alle til kort. Og der er ikkje brautande eller overdøyvande. Det er akkurat det det skal være. Det er ein del av lydbiletet. Og er eigentleg perfekt. Dei har som førre gongen med nokre, for meg, ukjende coverlåtar. Som glir rett inn i heilheita her.

No har eg høyrt mykje musikk innan sjangeren dei sist åra. Mykje av det amerikansk. Men det er ingenting som når opp til dette nivået. Ingenting. Eg må nok byrje å grave over eit lengre tidsrom for å finne tilsvarande. Men så lenge eg har denne plata ser eg ikkje poenget i det.

Artikkeltags