Terningkast 5: BRUCE SPRINGSTEEN

Artikkelen er over 10 år gammel

«Working On A Deam» Columbia/SonyBMG

DEL

Den godaste Bruce køyrer vidare, ny plate, og to konsertar i Norge under eit år etter dei to førre i Oslo. Denne plata, igjen produsert av Brendan O'Brien, vart laga i dragsuget av og i pausar i «Magic»-turneen og kan godt kallast eit overskotsprosjekt. Musikalsk er det litt rundare i kantane enn på «Magic», utan at det gjer så mykje, den er klarare pop- og soulinspirert enn forgjengaren, kanskje endå nærare «The River». Men det det kokar ned til uansett når det gjeld Bruce Springsteen, er kvaliteten på låtane, og det er som ein stort sett er blitt vand med når det gjeld Springsteen – ikkje nokon grunn til å bli skuffa. Om her er nokre framtidige klassikarar vil vise seg.

Men låtar som har vore ute ei stund som «My Lucky Day» og tittelsporet kan tyde på at han har treft blink denne gongen òg, eg kan ikkje seie at førsteinntrykket av desse låtane har bleikna.

Etter å ha vore litt av og på etter «The Tunnel Of Love» frå 1987, er det no godt å høyre at mannen har klart å levere tre sterke plater på rad.

Så då er det berre å sjå fram mot konsertane 9. og 10. juni. Koengen, here we come

Artikkeltags