Første gongen eg høyrde denne plata, tenkte eg: oi, denne plata trudde eg faktisk ikkje The Boss hadde i seg.

Etter å gitt ut den glimrande «Seeger Sessions» i fjor overraskar mannen no med å gå tilbake til The E-Street Band og lage ei meir rocka plate enn på lenge.

Men med ein sånn ballast som denne mannen har med seg frå 70- og tidleg 80-tal, vil det alltid vere eit men, han vil aldri kunne overgå dei kreative høgdepunkta sine.

Men for all del, dei som oppdaga mannen på midten av 80-talet vil ikkje bli skuffa av denne plata. Og eg trur faktisk dei er i fleirtal.

Frå den bombastiske opninga «Radio Nowhere» går det i klassisk Springsteen, via «Livin' In The Future» med Clarence Clemons' karakteristiske saksofon i introen, den lettbeinte strykardrivne poplåten «Your Own Worst Enemy», «Gypsy Biker» med munnspelintro, heartlandrockaren «I'll Work For Your Love» med klassisk pianointro, det «Devils And Dust»-lydande tittelsporet til avslutninga «Terry's Song», ein var akustisk ballade skriven som ein hyllest til hans personlege assistent gjennom 21 år, Terry Magovern, som døydde tidlegare i år.

Sjølv om eg ikkje får den panegyriske kjensla eg får ved å høyre Springsteen på sitt beste, er det ting her som er oppe og luktar på nettopp dette. Og The Boss har vist dei siste åra at han framleis kan overraske med utgjevingane sine. Det er ein styrke.