Bak namnet Bright Eyes skjular indiepoprockaren, folkmusikaren og komponisten Conor Oberst seg. Sjølv om han berre er 27 år, har han gjeve ut plater i 13 av dei. Han platedebuterte med andre ord i ein alder av 14 år.
Og kor mykje han enn har skrangla, bråka og surra rundt tidlegare, så tar han seg heilt inn att her, det vil seie han tar det heilt ned. Dette er country/americana på det varaste og vakraste, ein samling sterke låtar. Levert i same landskap som vår eigen Sgt. Petter i sine rolegaste stunder, Sufjan Stevens og Lambchop, akustiske gitarar, strykarar, fele, steelgitar og med Conor Oberts sterke stemme på toppen..
Amerikansk low-fi-country-folk-rock-americana blir ikkje særleg sterkare enn dette i 2007.