Med fare for å gjenta meg sjølv: Det er dei amerikanske sørstatane som gjeld. Når det kjem til kontemporær, autentisk skiten rock. Med eit blikk på både fortida og notida. Først Lee Bains III and The Glory Fires og no Bohannons. For å sitere den amerikanske radiostasjonen 9 Bullets Radio sin karakteristikk av Bohannons: ”Are they country? Are they blues? Are they 70?s glam metal? Yes.” Metal utan poenglause, stupide gitarsloar. Dei har og blitt samanlikna med Led Zeppelin. Det skal ikkje eg uttale meg om. Men hadde Led Zeppelin likna meir på Bohannons, hadde eg kanskje likt dei.

Bohannons kjem frå Chattanooga, Tennessee. Med brørne Marty og Matthew Bohannon i spissen. På gitarar og vokal. Med ein rytmeseksjon i ryggen som sørgjer for at dei aldri ser seg attende. Og at dette bandet for meg har blitt nærast ei sjukeleg mani, ser eg på Last.fm sida mi. Eg har spelt Bohannons over 900 gongar. No er det to forskjellige plater, ”Days of Echo” er den andre (”Six White Horses” frå sistnemnde er ei av dei beste låtane eg har høyrt.). Men det vil seie at eg har høyrt denne plata ca. 50 gongar. Foreløpig. For eg blir aldri lei. Og det utan at eg eigentleg klarar å forklare kvifor. Det er berre så?. deileg. (Dette er tydelegvis ein mann med store problem. Det må være nokon vi kan ringe – Red.)

Men eg kan jo prøve.”Goodbye Bill” handlar om fagforeiningsmannen Joe Hill. Viss 100-årsdag for hans dødsfall nærmer seg. Ei sak eg ikkje har forutsetningar for å setje meg inn i. Men musikken derimot. Ein intro som ber deg feste setebeltet. Dette blir røft. 50 sekunds taksing bortetter rullebana. Før dei berre fortset rett fram utan å lette. Dette er lyden av eit band som brautar seg gjennom terrenget. Og etterlet seg eit spor av vrakrestar.

I lyden ligg dei nærare Captain Beefheart. I ei seig utgåve. Eit forhold som øydelagt av at partane drar i retningar, er lettare å kjenne seg att i. Historia i ”Two Horses” handlar om det. Litt rolegare. Som ein orkan er rolegare enn ein tornado. Ikkje når det gjeld fart. Berre det atmosfæriske trykket. Dei to første låtane er skrivne av Marty Bohannon. Matt Bohannon, bandets hovudgitarist slepp laus på dei to neste. ”Tim Tim” handlar om ein huskatt. Som blir ein metafor for ta vare på dei lyspunkta ein finn i livet. Uansett kor mørkt det blir. Musikalsk er det platas mest spretne låt. Med eit rullande gitarriff. Og like forbanna trykkande. Kondensen renn nedetter veggane. Den første av to låtar skriven i dragsuget etter orkanen Katrina, ”River Above”, har også eit gitarriff med høg smittefare. Berre seigare. Og tyngre. Med ein innvollsvrengande vokal frå Matt. Bluesrock om det nokon gong har funnest. ”Cold Dead Hand” bringar Marty bak mikrofonen igjen. Litt meir sprettent igjen. Men likevel. Like gutturalt og intenst. Og trykkande. Eit alvorleg tekstinnhald om gjengkriminalitet i Chattanoga. Og amerikanske våpenlover.

Litt meir melodiøst og sprellande på “The Ballad of Christian and Other”. Som ein bulldoserversjon av R.E.M. sin ”The One I Love”. Ein song om kjærleik og religion som bryt opp eit forhold. Med platas beste gitararbeid. Vokal frå Marty. Matt stig fram igjen på ”Built A World”. Og er nok den låten som ordet country refererer til i sitatet over. Countryvals. Som nok hadde flata ut teltleiren på Norsk Country Treff på Breim komande helg. Ikkje bulldosar, men hjullastarcountry. ”The Cradle” har ingen av brørne bak mikrofonen. Det er ein instrumental. Link Wray på speed. Og John Bonham på trommar. Den andre låten skriven i dragsuget etter orkanen Katrina, "Pontchartrain", finn Matt bak mikrofonen igjen. Litt melodiøs. Like tung. Seigare, roleg om du vil. Farten på låten skulle ikkje tilseie det. Men eg har ikkje problem med å kjenne stormen han skildrar. Eg sat i stolen min på trappa og røkte under Dagmar. Men eg trur nok det likevel berre var småpoteter i forhold til det som blir beskrive her. ”In The End” avsluttar plata i eit etter forholda høgt tempo. Nok ein låt frå Matt om øydelagt kjærleik. Men likevel med eit håp om betre tider. Marty Bohannon seier det sånn om brorens låtar: Der Marty visar oss stormen, minnar Matt oss om at den vil passere. Og det er jo ei god skildring av dynamikken som finnast låtskrivinga mellom brørne. Det er jo trass alt alltid håp.

Dette er årets beste plate. I mine øyro vil den ikkje kunne overgåast. Ho snakkar til meg på så mange nivå. Eigentleg har eg ikkje ord for kor bra dette er.

Men det hadde eg likevel. Men framleis er eg eigentleg mållaus.

Ein ting til slutt. For å få godt utbytte av plata må den spelast høgt. Helst opp mot smertegrensa. Og då drit eg som vanleg i åtvaringane frå Helsedirektoratet.

Kjøp plata her

Kjøp Days Of Echo her

Last ned gratis Bohannons - Buzz Me In (B-sides)

Video: The Bohannons - "Built a World" at The Mean Eyed Cat, Austin, TX 3/14/2012