Terningkast 5: BOBBY JEALOUSY

Artikkelen er over 6 år gammel

”A Little Death”

DEL

Er eit band, ikkje ein person. Frå Austin, Texas. Og dei mest kjende banda og artistane derifrå spelar blues eller country. Men ikkje Bobby Jealousy. ”A Little Death” er ei blanding av punk, rock, pop og powerpop. Med mykje fine harmoniar og vokalarbeid. Til tider særs nydeleg og elegant utført. Med ein til tider skyhøg kvalitet på låtane.

”Flamethrower” set i så måte ein fin standard. Høgstemd popmusikk med røter i 60-talet. Søtt og godt. Utan å bli klissete. Dei fortset i same sporet på “Never let you go”. Men med litt meir snert. Harmoniar Beach Boys verdig. “Cock Of The Walk” byrjar nesten som Queen og David Bowie sin “Under Pressure”. Men liknar heldigvis ikkje i det heile. Sjølv om vokalisten og koringa kan minne om nemnde band. På ”Earthquake: Ballad to Jon and Mitra” minnar dei meg om skottane i Camera Obscura. Ei vidareføring av lyden til Phil Spector. ”It Doesn't Get Any Better Than This” sender bandet i ei ny retning. Vreng i gitarane. Rock, rå vokal. Men same kvaliteten i harmoniane. Vi blir kasta attende på Camera Obscura/Spector-sporet på “Take You On”. Kanskje litt rare i kantane. Men like nydeleg. “Pass You By” senkar tempoet. Ein halvvegs ballade. Liknande Jellyfish. Og sterkt 70-tals-inspirert. Attende på rockesporet igjen med ”Hold The Woman”. Med eit snev av reggae. Framleis harmonisk og fint. “Shake Me Baby” er nok ein halvballade. Med ufatteleg nydelege harmoniar. Og fin bruk av blåsarar. Opp med tempoet på “House Of Mirrors”. Platas mest bombastiske låt. Som ikkje vik frå formelen på plata. Kan musikalsk minne litt om Sparks. ”This Knife” roar ned att tempoet. Men ikkje trykket. Igjen på Camera Obscura/Spector-sporet. Platas låt som ligg nærast punken er ”This Kind Of Love”. Unnagjort på eit og eit halvt minutt. ”Rainbow” er meir skinande nydeleg popmusikk. Nydeleg fleirstemd song. Inspirert av Beatles høyrest det ut som. Denne godteposen går aldri tom! Litt mørkare blir det på ”Motherfucker”. Men ikkje plagsomt. Kanskje den låten på plata som minnar meg mest om Brooklyn-bandet The Shirts. Det er ikkje den einaste. Men vekslinga mellom male/female vokal er som tatt ut av deira repetoar. ”Come On Baby” avsluttar eigentleg plata. Sjølv om det er et spor til. Nok ein nydeleg ballade. Med ekko frå Phil Spector. Nydeleg vokal og harmoniar. ”A Little Death” som verkeleg avsluttar plata er platas rulletekst. Ein variant eg aldri har høyrt før. Som gjer opp for eit manglande cover. Coverbildet som er til den elektroniske utgåva får deg til å forvente noko heilt anna enn det som treff deg. Eg har fått ein CD med eit heilt anna cover. Avgrensa til 35(!) eksemplar. Men ein kan kjøpe ein vanleg utgåve av plata her: http://bobbyjealousy.bandcamp.com/ Og det anbefalar eg. For dette er rett og slett ei av dei finaste popplatene eg har høyrt i år.

Bobby Jealousy.Bandcamp

Artikkeltags