Denne canadiske gruppa har gjeve ut plater sia 1987. Debuten heitte «Outskirts» og inneheldt den fantastiske «Heart Like Mine». Jim Cuddy og Greg Keelor er framleis hovudvokalistar og låtskrivarar, og begge har gitt ut glimrande soloplater som er vel verdt å sjekke ut.

Musikken på det som er bandets 11. studioplate er streit gitarbasert pop/rock som ikkje gjer noko stort vesen av seg – bortsett frå å vere ein eksponent for stor låtskrivarkunst. Med innslag av country, mykje bruk av pedal steel og smakfullt krydra med strykarar på tre låtar. Referansar er westcoast à la Crosby Stills Nash & Young eller Eagles. Og hadde sistnemnde si siste plate innehalde slike låtar som du finn her, så hadde siste Eagles-plata også vore høyrbar. Blue Rodeo har på mange måtar vore eit canadisk fenomen. Sjølv om dei har eit visst namn i USA, er dei dessverre ukjende her heime. Synd, for dei fortener eit større namn.