Terningkast 5: BLODSMAK

Artikkelen er over 4 år gammel

”Av Jord Er Me Komne”

DEL

Eit Drammens-band som syng på nynorsk er ikkje akkurat daglegdags - og med ein vokalist som heiter Tom Ostad, betre kjend som redaktør i Pondus. Musikken som høyrest ut som Odd Nordstoga på steroider. Med andre ord, tung, tung folkrock.

Og det er veldig bra.

Ok, no har eg aldri klart å opparbeide den heilt store entusiasmen for heavy- og trashmetal. Det har vore godt små dosar, sjølvsagt med enkelte unntak. Kvelertak og Enslaved er to namn som raskt renn meg i hu. Og her får eg assosiasjonar til spesielt førstnemnde. Med ei vinkling mot folkemusikk, og sjølvsagt ikkje i nærleiken av nokre av vestlendingane sin brutalitet. Det er meir umiddelbart og fengjande.

Blodsmak er tillegg nokså varierte. "Sveltihel" sparkar i gong det heile. Som ei heavy-metal- utgåve av Dropkick Muphys. Dei er meir standard melodiøs trash på "Farande fant", med god melodi og flott refreng. "Farande fant" trekkjer frem fela, nærast standard folkkrock. Men når det er sagt, skulle Odd Norstoga fronta dette hadde han fort blitt tynnare i håret. Dei slepper laust det melodiøse dyret att på "Min beste ven". Fin variasjon og dynamikk på versa. "Når eg døyr" er på fleire måtar mørkare og dystrare. Men likevel ikkje. Platas lengste låt er meir ei oppvising i tyngde og eleganse, dyster tekst eller ikkje.

Dei dreg inn inspirasjon frå dei verkeleg høge fjella i spesielt opninga på "Himalaya". "Ulvedans" er tung, svingande folktrash, særleg på refrenga. Og det finnest knapt eit skumlare instrument enn munnharpe. Dei går og folkemusikkvegen på "Hammarsong", ei låt med ein tittel som seier det meste.

"Elva" har som seg hør og bør intro med rennande vatn. Før dei sjølvsagt dundrar laus. Og etter kvart huldresong. Avsluttinga "Av jord er me komne" er rolegare, tilsynelatande. Men med full tyngde og innlagte Wishbone Ash-gitarløp. Den gir ei fin og harmonisk avslutting på plata.

Blodsmak si debutplate er uvand på fleire måtar, men som eg ikkje har problem med både å like og anbefale.

Artikkeltags