Årets mest innforjævlige plate har landa og det er lett å fastslå at eg ikkje er i målgruppa, eg er bergensar som har levd i eksil sidan eg var 9 år.
No er eg ikkje 9 lengre, men mykje av glosene han brukar hugsar eg faktisk godt frå den gongen eg var liten gut i Bergen.
Det er kanskje det som er største problemet her, du klarar aldri å ta bergensaren ut av meg. Men niåringen som kunne likt dette har nok reist sin veg for lenge sida.
Tekstane på denne plata er i beste fall prepubertale, musikken er i følgje han sjølv ein uanstendig miks av punk, visesong, tung rock og køntri. Vanskeleg å være ueinig der, det kunne vore spanande om alle låtane hadde vore av ”Krabbeklo” sitt kaliber.
Det er nemleg ein heilt glimrande fengande poplåt av ein sånn kvalitet at den overskyggar den plumpe teksten. Og nettopp dette er grunnen til at dette er ei plate som saknar slitestyrke utover det første sjokket, når du skjønar kva som føregår her finn du heller noko anna å høyre på.
Vel, kanskje ikkje, eg skreiv innleiingsvis at eg nok ikkje var i målgruppa til denne plata. (heldigvis!) Men eg har ikkje problem med å skjøne at nokre kan tykkje at dette er stor underhaldning, vi har vel fått bevist det med den oppslutninga mannen har hatt på konsertane sine. No har vi sett sånne fenomen her på berget tidlegare, men kven er det eigentleg som tenker attende på til dømes Luxus Leverpostei og hugsar den høge kvaliteten?
Det som er morosamt i dag treng ikkje være det i morgon.
Men for all del, det er eit fritt land. Om eg tykkjer dette er heilt, i mangel av eit betre ord, innforjævlig vil nok Hellfuck få minst 15 minutt til i rampelyset. At han sel ut 1500 billettar i Peer Gynt Salen i Grieghallen er eit bevis på det.
PS. No ser du gjerne at det manglar terningkast på denne platemeldinga, dei får du sjå Hellfuck visar andletet sitt. Litt hemmeleghald må vi ha.