Øystein Greni må vere ein av Norges beste gitaristar, ikkje berre fordi han er teknisk dyktig, men også fordi han har evna til å halde igjen og ikkje heile tida må briljere.

Og det faktum at han er ein habil vokalist og til tider skriv glimrande låtar, er med på å gjere denne utgjevinga til kanskje bandets beste og mest varierte plate.

Dei svingar innom Stonesrock, soul, akustiske balladar og indiepop, og høyrest til tider ut som U2 rundt «Joshua Tree», men det er ikkje problem å høyre at dette er BigBang.

Så får tida vise om dette er godt nok til å slå igjennom i USA, noko bandet prøver på no når dei i løpet av året flyttar til det store landet i vest for turnering og jakt på platekontrakt.

Høgdepunkt: «I Dont Wanna» og «Angelina».