Terningkast 5: BENDIK BRÆNNE

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

”How To Fake It In America”

DEL

Kan ikkje akkurat seie at eg såg denne komme. Brænne er frå tidlegare av mest kjend som saksofonist for mellom anna DumDum Boys og Amund Maaruud. Men det han har gjort her, er å reise til Nashville og spille inn ein knallsterk americanaplate. Med hjelp frå ein rad meritterte musikarar. Både norske og amerikanske, der den mest kjende er Bobby Keys. Kjend som saksofonist på mellom anna ”Sticky Fingers” og ”Exile On Main Street”.

Og når eg skriv americana så dreg han gjennom dei fleste palettane der.

Lett slentrande singer/songwritar som Ryan Adams eller Jeff på låggir i ”Still Too Small” og ”Big White House”. Sjølv om sistnemnde livnar bra til etter kvart. Med mykje bra piano- og orgelspel.

”Curtis Came To Stay” plasserer seg i grooven til The Band.

Han flørtar med country og bluegrass på ”Northern Sky” og ”Chuck Wagon Rag”. Med hint av western swing på sistnemnde.

”Hey Gillian” plasserast fint i bluesen med mykje soul.

Han visar og med ”Never Seen A Brighter Shade” at han kan levere gode balladar. Her med ein nydeleg steel-gitar.

”Orange St.” rettar blikket mot New Orleans. På den svale sida av byen.

No anar eg ikkje kor mykje Bobby Keys har bidrege på plata til no. Men på avsluttinga ”Turn My Way” er han kreditert som artist saman med Brænne. Og leverar saksofonspel av ei anna verd. Låten er også den som skil seg mest ut. Platas lengste låt er den seigaste og tyngste, med eit stort, ope lydbilete. Der musikarane utfoldar seg meir enn på resten av plata. Og spesielt då Keys og saksofonen hans.

Ei veldig bra plate og eigentleg så god at det nesten ikkje er til å tru.

Artikkeltags