AUDREY AULD, STEPHEN SIMMONS

Artikkelen er over 5 år gammel

To plater frå C-U! Publicity

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Endå to fine plater med distribusjon i Noreg av Selskapet C-U! Publicity. Den eine australsk, men for tida busett i Nashville, og den andre frå Tennessee i USA. Begge trygt plassert i americana-sjangeren.

AUDREY AULD

"Come Find Me"

Australske Audrey Auld ligg i countryfolk-terrenget. Med ei fin karakteristisk stemme farga av sitt opphav. Ho held seg stort trygt innan singersongwriter-sjangeren. Men har også små stikkarar innan andre sjangrar. Blant anna hip-hop på "Petals (For Jon Dee)". Om ein dreg det langt. Ein låt som er platas beste.

Men elles held ho seg trygt innan landskapet der ho tydelegvis trivst best. Og leverer ei rad fine låtar på hennar åttande plate. Produsent Mark Hallman har tidlegare jobba med mellom anna Tom Russell og Carol King. Ein miks som slett ikkje blir ueffen som referanse.

STEPHEN SIMMONS

”The Big Show”

Stephen Simmons er ein av etter kvart mange som har nytta Kickstarter til å finansiere ei plate. Og det er jo greitt å ha det økonomiske på plass før ein gir ut plata. I Europa har han fått tyske Blue Rose Records til å gi ut plata. Og samstundes blitt kollega med mellom anna Steve Earle, John Hiatt, Kris Kristofferson, Alejandro Escovedo og Dwight Yoakam. Alle artistar som ikkje ligg så langt unna det Simmons driv med. Med andre ord country- og blues-inspirert rock. Med fokus på gode låtar. Og faktisk nokre dikt innimellom. Ei fantastisk fin plate.

Artikkeltags