Terningkast 4: ÅSHILD MUNDAL

Artikkelen er over 7 år gammel

”Fritt fall”

DEL

Høyr her, altså. Der nyttar ikkje å komme med ei plate som høyrest ut som ein sval sommardag no. Med det katastrofale veret vi har ute no. blir dette heilt feil. Eller kanskje ikkje.

Det er moglegvis ei plate som dette som kan løfte stemninga. Og gudane skal vite at det kan trengast. Ikkje det at veret eigentleg plagar meg. Men når eg høyrar denne plata blir det litt lysare og meir trivelig.

Åshild Mundal kjem frå Hafslo, har ei fortid som korsongar for diverse nasjonale storheiter og debuterer no på eigenhand. Med tekstar på morsmålet levert på klingande sognedialekt. Og akkurat det siste gjev ho i mine øyre eit fortrinn framfor artistar innan same sjanger. Om musikken er utan taggar blir det mykje meir interessant og autentisk nettopp på grunn av songen. Mykje meir interessant enn dei andre frå Sogndal som har slått seg fram dei siste åra.

Når det gjeld musikken snakkar vi som sagt om fin sval poprock. Som ei sogneutgåve av britiske Rumer , eller for den del, Joni Mitchell. Eit sjølvskrive låtmateriale over gjennomsnittet til tider nydeleg instrumentert. Med mykje strykarar. Innspelt i Trondheim og Liverpool.

Så får vi håpe at ho evnar å nå ut av fylket. Lokalt har ho gjort seg gjeldande på Fylkestoppen. Men i mine øyre har ho potensiale til å nå utover fylkesgrensa. No får ho nok ikkje oppslag i The New York Post. Men eg trur ærleg talt ikkje det at eigentleg hjelpte ho hi frå Sogndal.

Beste låt: ”Lukklegaste i Verdi”.

PS. Det er lista opp mykje fine referansar på lydsida i presseskrivet. Men eg trur ærleg talt ikkje at Rolling Stones og Led Zeppelin er relevante for denne plata. Rumer, derimot? Og i mi verd er flygelet til Coldplay (verdas mest kjedelege band) like relevant som dragspelet til Carl Jularbo. Eg berre nemner det. Denne plata klarer seg godt utan sånne referansar.

Artikkeltags