Terningkast 5: ASBJØRN RIBE OG DE

Artikkelen er over 6 år gammel

”1400 Ski”

DEL

Mannen med ei fortid i mellom anna Jim Stärk og Number Seven Deli er ute med si fjerde soloplate. Den andre på norsk og under eige namn. Dei to første var på engelsk og gitt ut under pseudonymet Ornand Altenburg. Det dei tre første platene har til felles er at eg ikkje har høyrt dei. Det får eg prøve å gjere noko med no.

Men, uansett. No er det ”1400 Ski” som gjeld. Og med det utgangspunktet Ribe har, så skuffar den ikkje.

Denne plata er ei oppvising behageleg smektande popmusikk. Med mykje piano og blåsarar. og anslag av gospel. Den første referansen første referansen som renn meg i hu er Randy Newman. For dette er ikkje popmusikk som hans tidlegare band er vortne kjende for. Den musikken er meir ”vaksen”, for å seie det på ein dum måte.

Og der Ribe imponerar mest er på tekstsida. Underfundige kvardagsobservasjonar, nydelege kjærleikssongar, historiske tilbakeblikk og reine røvarhistorier. Saman med det elegante, nydelege lydbiletet blir det ein pakke som får ein, i alle fall meg, i godt humør.

Plata er fint produsert av Ribe og Rune Berg, og han får mykje god hjelp. Mellom anna frå Jonas Alaska og Thom Hell.

Høgdepunkt: ”Jeg ser bare deg” og ”Birkeland”.

Artikkeltags