Terningkast 3: ARNE OLAV HAGEBERG

Artikkelen er over 5 år gammel

”Råoljekjærleik”

DEL

Der Anders Bjørnvold på sin måte revitaliserer visesjangeren på sin måte, plasserer Hageberg seg meir i det trauste. Og i mine øyre kjedelege.

Dette er Hageberg si andre plate. Og når eg ser at debuten var ei blanding av blues og salmar, verkar det meir interessant enn denne samlinga. Men det veit eg ikkje, eg har ikkje høyrt ”Sjela tilein mann” frå 2008. Hageberg har evner over gjennomsnittet som gitarist på sin akustiske gitar og dei fine tekstane har blitt arrangert med utgangspunkt i dei akustiske arrangementa han opphavleg hadde. Med tillegg av piano, trekkspel og fele fell han raskt ned i vise- og countrypopen. Og han har blitt samanlikna med Kenneth Sivertsen, Vamp og James Taylor. To av dei namna der gjer meg ingenting som helst. Og det som Hageberg sjølv kallar nordsjømusikk, grunna inspirasjon frå land rundt Nordsjøen, gjer meg heller ikkje så mykje. Det er ikkje dårleg, for all del, det er flott spelt. Hageberg har ei god stemme. Men det blir berre så uvesentleg. Dessverre.

Artikkeltags