Terningkast 5: ÅRETS DOUBLEHEADER

Artikkelen er over 5 år gammel

J. KUTCHMA & THE FIVE FIFTHS JOHN MORELAND

DEL

Det kjem ut utruleg mykje bra plater for tida. Og selskapa pleier å fordele dei ut ein etter ein. Men denne gongen har Last Chance Records beslutta å gi oss to på ein gong. (Eigentleg tre, sjå lengre ned.) og for nokre plater det er.

J. KUTCHMA & THE FIVE FIFTHS

”Sundown USA”

J. Kutchma & The Five Fifths si ”Sundown USA” er bandets andre plate. Fjorårets debut, “Pastoral”, var ei av årets beste. Og om ikkje årets ragar like høgt, er det ikkje langt unna.

Jason Kutchma har tidlegare gitt ut to plater med bandet Red Collar. ”Pigrim” frå 2009 og "Welcome Home" frå i fjor. Eit prosjekt der han også stod for låtane, men hadde ei meir demokratisk tilnærming til arrangeringa av låtane. I tillegg til at det musikalske uttrykket er ganske annleis. Det er råare, meir rocka. Men dei platene er også vel verdt å skaffe seg.

Under namnet J. Kutchma & The Five Fifths er det americana og folkrock av det meir harmoniske slaget som gjeld. Dei kan køyre opp trykk og tempo dei og, men ikkje sånn at det burde skremme deg vekk. Det er uansett ei overvekt av meir dei meir stemningsfulle låtane her.

"Then We'll Take the Moon" opnar roleg, men skyt fart etter kvart. Spenstig, halvtempo countryfolk med blåsarar. Roleg opning også på "I Believe Everything's Gonna Be Alright". Etter er ein roleg start legg den seg tempomessig som på opningslåten. Etter kvart med god guffe i gitarane. "Nowhere in the World I'd Rather Be" er derimot heilt roleg. Med steelgitar som leiande instrument. Ganske så nydeleg. Noko som også kan seiast om "The Carolers at 3AM". Den byrjar heilt nakent, men tek etter kvart av og stabiliserer seg på ein jamn marsjfart. Med eit lydbilete dominert av orgel og etter kvart strykarar. Og Kutchma si flotte og karakteristiske stemme på toppen. "Something Got in the Way" tek det i ei mørkare retning. Med tung djup saksofon i starten får ein nesten assosiasjonar til Morphine. Men den lysnar opp etter kvart. Med duettvokal frå Reese McHenry får vi ein fin kontrast til Kutchma si stemme. Og bandet aukar på med el-piano, orgel og munnspel. Dei aukar tempoet på "February Is My Finish Line" og er meir countryfolk. Med riktig bruk av steel-gitar og fele. Svingar bra gjer den. "I'll Move No More" er tyngre med god guffe i gitarane, litt rolegare tempo. I utgangspunktet var den i følgje han sjølv ein overstyrt gitar unna ein Dropkick Murphy-låt. Men dei fekk Caitlin Cary inn på fele og vokal og dempa det litt.

Dempe det gjør dei på "The Moment When the Full Moon Will Rise". Ikkje nødvendigvis tempoet. Men låten er likevel ganske laidback. Rett og slett nydeleg. "Sundown, USA" innleiar avsluttinga av plata som er rolegare. Men platas lengste låt er av det intense slaget. Litt mindre melodiøs. Og tunge gitarar og feedback. Monumentalt. Ei flott innleiing til den siste låten, "Centric". Der Kutchma er akkompagnert av berre eit piano. Men med eit underliggande teppe av gitarfeedback. Og meir melodi.

J. Kutchma & The Five Fifths har levert nok ei plate som kjem til å være i toppsjiktet når året skal gjerast opp. Dette er veldig bra.

Når det gjelder talet plater, heile plata blei innspelt først med Jason Kutchma som musikar. Og er eit fint innblikk i prosessen som leia fram til ”Sundown, USA”. Den er ikkje essensiell, men vel verdt å ta med seg. Begge finnest på CD, hovudplata også på vinyl.

Kjøp her: og her:

JOHN MORELAND

”In The Throes”

Og dette bringer oss til John Moreland. Ein til no rimeleg bra bevart hemmelegheit. Eg har med denne plata fem utgjevingar med mannen. Alle like uunnverlege. Moreland er rett og slett ein urkraft. Umogleg å oversjå og overhøyre når ein har slept han innpå seg.

Eg høyrar og spelar musikk heile tida. Samstindes som eg av ymse orsakar har mykje folk innom heimen min. Og den artisten eg har fått flest spørsmål om kven er er nettopp Moreland. Så han treff noko også hos folk som eigentleg ikkje er så veldig interessert i musikk.

Han spelar noko som enkelt kan karakteriserast som streit rock. I same landskapet som Bruce Springsteen, Steve Earle. Bob Seger og John Mellencamp. Sagt enkelt.

Der han ved fleire anledningar har hatt eit band i ryggen, The Dust Bowl Souls og The Black Gold Band, gjør han denne gongen det meste sjølv. Utan at det gjør nokon stor forskjell, kanskje litt rolegare. Det låtar like herleg uansett.

Han sa det Ganske så bra i opninga på "Everything the Hard Way" frå 2011. ”Here’s another song in G, here’s some more pitch black poetry”. Tekstane er kanskje mørke, men ikkje utan håp. Han ruslar uansett i veg med "I Need You To Tell Me Who I Am". Ganske så roleg og flott. ”Nobody Gives A Damn About Songs Anymore” aukar tempoet litt. Men musikken er framleis tilbakelent. Med ein glimrande tekst;

”One for the money, four on the floor

you were born last week with your foot in the door

I heard truth is what songs are for

nobody gives a damn about songs anymore”.

Og han har gjerne eit poeng. Men songane til Moreland er vanskeleg å ikkje bry seg om. Han roar heilt ned på "Blacklist". Vokal og akustisk gitar. Med forsiktig bruk av tamburin og tremologitar som krydder. "Your Spell" på Springsteen i 88. Låten hadde gått rett inn på ”Tunnel of Love”. Så bra er dette. Han kastar ut alt anna enn den akustiske gitaren på "359AM". Og det er tydeleg at andre og har søvnproblem. Men når det kommer låtar som dette ut av det, kan han nok leve med det. "Break My Heart Sweetly" holder tanken og stemninga førre låten. Igjen heilt nakent. Det forandrar seg på "Oh Julia". Platas mest definerte refreng. Og godt tempo. Med piano i tillegg til eit flott komp. Og når munnspelsoloen kjem kjenner eg stemninga frå ”Darkness on The Edge Of Town” puste meg i nakken. "God's Medicine" byrjar enkelt, men veks etter kvart. Meir håplaus kjærleik og søvnløyse.

"It’s times like these I forget why I quit lovin' you".

Han kjem seg av gårde i bilen på "Gospel". I teksten, ikkje musikken. Den er fin og tilbakelent. Som ein halvballade frå Steve Earle. "Blues and Kudzu" avsluttar plata. Sakte og inderleg. Med mykje lyd. Og som på resten av plata, fantastisk vokal frå Moreland.

Nettopp den sterke vokalen er noko av det som gjør denne plata så sterk. Saman med dei sterke tekstane som eg berre så vidt har pirka litt i i teksten over. Eigentleg kunne eg ha skrive ei eiga melding om dei. Men det får holde med dette. Plata er sjølvsagt ikkje i sal gjennom norske kanalar. Men den er likevel lett tilgjengeleg: John Moreland Som det står på denne nettsida, ”Seriøst, høyr på denne plata”.

Artikkeltags