PLATEARBEIDARENS ÅRSOPPSUMMERING 2009

Det som har vore eit jamt godt musikkår førde med seg ei stor forandring når det gjeld måten vi lyttar til musikk. Online-streamingtenester som Spotify, Grooveshark.com og Wimp har blitt ein stadig viktigare kjelde til å lytte til musikk både for andre og for meg. Og den minst tilgjengelege, Wimp, er no inne i siste fasen før lansering.

Men berre så det er sagt, inntil streamingtenestene klarar å betre lydkvaliteten er dei i mine øyre ikkje eit fullverdig alternativ, sjølv om eg speler musikken via stereoanlegget. Det er framleis forholdsvis enkelt å høyre at vi snakkar om komprimert lyd som ikkje kan konkurrere verken med vinyl eller CD.

Men for å ta opp att tråden når det gjeld årets beste plater, 2009 var året eg oppdaga kor mykje eg eigentleg har sakna Drivin' n' Cryin'. Og for ei tilbakekomst! Gruppa som kunne ha vore historie og forsvunne i dragsuget frå 11. september 2001 brukte nesten åtte år på å ferdigstille "Whatever Happened To The Great American Bubble Factory", men det var verkeleg verdt å vente på plata, som for meg er årets beste. Høgdepunkt: "I See Georgia".

Les

Lytt

Egersundbandet I Was A King lagde saman med American Suitcase norske versjonar av Teenage Fanclub. Denne gruppas råe og skranglete lydbilete dekkjer ikkje over det faktum at "I Was A King" inneheld glimrande låtskrivarkunst. "Norman Bleik" blir sjølvsagt ein hyllest til Norman Blake i T.F.

Les

Lytt (Spotify)

Når vi først har teke steget inn på moderlandet kan vi halde oss der litt lengre, nærare bestemt på Oppdal. Bönkers brukte ganske nøyaktig ti år på å følgje opp den glimrande "Opp" frå 1999 med årets "Time To Harvest". Og med låtar som "Old Heart Aches" blei dette ei utgjeving vel verdt å vente på.

Les

Lytt: (Spotify)

Frå Noreg tar vi vegen til Mexico City, Chuck Prophet er framleis amerikanar, men det var der han reiste til for å spele inn "iLet Freedom Ring!". No forandra ikkje dette så mykje, Prophet lagar framleis beinsterk blues- og countryinspirert americana på "Hot Talk" og dei andre låtane på plata.

Les:

Lytt: (Spotify)

Attende i Noreg fann Stein Torleif Bjella ut at det var på tide å debutere som soloartist etter to plater med Tolv Volt. "Heidersmenn" byr på akustisk countryfolk med tekstar på klingande Ål-dialekt. Eit av høgdepunkta er "Kalas".

Les:

Lytt: (Spotify)

Ei av årets store openbaringar var "Oh My God, Charlie Darwin" med The Low Anthem. Blandinga av The Felice Brothers, Fleet Foxes og ein god porsjon Tom Waits med ei rad sterke låtar gjorde dette til eit av årets høgdepunkt, og "Charlie Darwin" er framleis ei av årets vakraste låtar.

Les:

Lytt: (Spotify)

Ein anna artist som eg ikkje oppdaga før i år var Slaid Cleaves, singer/songwriter frå Austin, Texas, med ei rad plater på samvitet. "Everything You Love Will Be Taken Away" og mellom anna låten "Cry" var det du kallar ei openbaring.

Les:

Lytt: (Spotify)

Tom Russell held koken så det rekk, "Blood And Candle Smoke" er ikkje så ulik mannens tidlegare utgjevingar, om ein ser vekk frå det at han på denne plata speler med gruppa Calexico, texmexcountryrocken sine faneberarar. Noko som var særs effektivt, ei plate som dekker fleire kontinent som ein skjønar ut ifrå låten "East of Woodstock, West of Viet Nam".

Les:

Lytt: (Myspace)

Sunnmøringen Robert Post re-starta karrieren sin med "Disarm & Let Go" etter å ha hatt beskjeden internasjonal suksess med debutplata frå 2005. "Try The Best You Can" var ei mange låtar som veks og blei heilt glimrande etter gjentekne lyttingar. Og at mannen har fleire store låtar på gong er denne videoen eit døme på: Youtube

Les:

Lytt: (Spotify)

Nok ei oppdaging i året som gjekk var "Hit The Ground" med Nathan Holscher & The Ohio 5, "Along The Way" er eit godt døme på dei mange sterke låtane som er på denne plata.

Les:

Lytt: (Myspace)

Jason Isbell & The 400 Unit si "Seven-Mile Island" var ei av fem utgjevingar med samband til mitt favorittband Drive-By Truckers. Den tidlegare medlemmet frå nettopp dette bandet si andre plate var samtidig den sterkaste frå den kanten, eit godt døme her er låten "Good". Som er langt meir enn det, god altså.

Les:

Lytt: (Myspace)

Bleu, eller William J. McAuley III som han eigentleg heiter, stod for ei av årets beste utgjevingar innan powerpop-sjangeren med "A Watched Pot". Men denne plata er så mykje meir enn dette, "When the Lights Go Out" var eit av mange høgdepunkt her.

Les:

Lytt: (Myspace)

Cheap Trick fann tida moden for å få ut ei ny plate, "The Latest" og spesielt låten "Miss Tomorrow" fann gruppa i fin gammal form. Dei har faktisk ikkje forandra seg så mykje på dei 32 åra som har gått.

Les:

Lytt: (Myspace)

Tinted Windows, supergruppa med medlemmar frå Hanson, Smashing Pumpkins, Fountains Of Wayne og Cheap Trick førar arven vidare frå nettopp frå Cheap Trick. "Tinted Windows" inneheld stolt høgreist elektrisk powerpop med låtmateriale frå den høgste hylla, "Can't Get a Read on You" er eit særs godt eksempel på dette.

Les:

Lytt: (Myspace)

Green Day si "21st Century Breakdown" var ei fin vidareføring av lyden og låtane på "American Idiot" frå 2004. "21 Guns" var samtidig kanskje årets sterkaste låt.

Les:

Lytt: (Spotify)

Ein mann som også forandra litt på uttrykket sitt var Tim Easton, på "Porcupine" stod han fram som langt meir rocka og elektrisk enn tidlegare. "7th Wheel" var ei av låtane som gjorde dette til mannens førebels beste plate.

Les:

Lytt: (Myspace)

Dei gamle alt. country-heltane Son Volt, som i realiteten er Jay Farrar, stod for ei av årets Uncle Tupelo-utgjevingar. Wilco stod sjølvsagt for den andre, men "American Central Dust" og låten "Jukebox Of Steel" er den beste.

Les:

Lytt: (Spotify)

Om så mange andre oppdaga Floridabandet Ex Norwegian og plata "Standby" i år veit ikkje, men det synd for dei som ikkje gjorde det. Deira blanding av powerpop og klassisk rock er til tider det, klassisk. Låten "Fresh Pit" er eit godt døme på dette.

Les:

Lytt: (Spotify)

Dei britiske øyane har eigentleg ikkje hatt så mange minneverdige representantar innan rocken dei siste åra, men dette gjorde Doves noko med på "Kingdom Of Rust". Stolt stor gitardriven rock med stor variasjon som låten "10:03" er eit godt døme på.

Les:

Lytt: (Spotify)

Årets desidert beste debutplate og samtidig årets beste norske utgjeving stod bergensarane John Olav Nilsen og Gjengen for. "For Sant Til Å Være Godt" var ei openbaring av episke dimensjonar med sin store variasjon og sterke låtar. "Ikkje Fåkk Med Kjærligheten" var samtidig årets beste låttittel.

Les:

Lytt: (Spotify)

Sånn, dett var dett. Og då er det berre å sjå over kva ein gjerne skulle hatt med. 20 plater pleier vere for lite. Så også i år.

Fine plater frå ANTONY AND THE JOHNSONS, ("Crying Light"), CC COWBOYS ("Morgen & Kveld"), Skambankt ("Hardt Regn" og samtidig årets konsert i Florø), UNGDOMSKULEN ("Bisezual"), CAMERA OBSCURA ("My Maudlin Career"), HELLDORADO ("Sinful Soul"), FELICE BROTHERS ("Yonder Is The Clock"), ROBERT SMITH-HALD ("Innocence Said"), WEBB WILDER ("More Like Me"), WILCO "Wilco (The Album)", DINOSAUR JR. ("Farm"), MOTORPSYCHO ("Child Of The Future" - berre på vinyl), SERGEANT PETTER ("Sgt. Petter"), CHRISTER KNUTSEN & SACRED HEARTS ("Now Breathe"), POGO POPS (”Where The Action Is”), TELLUSALIE (”The Man Across The Fountain”), GRANT-LEE PHILLIPS (”Little Moon”)