Terningkast 6: ANGRY WASP

Artikkelen er over 7 år gammel

”Winnetou”

DEL

Bak det som må være tidenes mest misvisande bandnamn skjuler det seg ein skatt. Ut i frå namnet rekna eg med at dette var hissig pønkrock. Og korleis dei har komme opp med eit namn som dette anar eg ikkje. Dårleg dømmekraft kanskje? Det var ei historie bak bandet ein eller annan stad. Men sidan eg rota vekk alle presseskriva eg mottok i sommar og ikkje orkar å leite på nettet, så får vi ta utgangspunkt i det eg hugsar. Og plata sjølvsagt. Som har ein herremann med namn Endre Olsen i førarsetet og som opphavsmann.

Men først og fremst, dette er nesten ufatteleg bra!

Det byrjar i Jayhawks-land med ”Don’t Tell Me No”. Lett slentrande countryinpirert pop trygt plassert i americana-land. Og skjønar umiddelbart at denne gjengen meinar alvor med si fine speling og nydelege harmoniar. Samstundes som at standarden for låtane her blir definert. For å sitere Peps Persson: Høg standard. ”Go Ahead Go Ahead” dreg i veg i same retning. Med eit hint av John Lennon. Fokuset blir endra litt på ”Ghost Of You”. Her legg dei seg nærare Neil Young. Eller Danny Whitten og hans ”I don’t want to talk about it”. Ikkje det at låten eigentleg liknar. Men stemningmessig er dette søskjenbarnet til den låten. ”Into The Morning After” skiftar nok ein gong fokus. Her med kvinneleg vokal, bevegar vi oss over i territoriet til Lucinda Williams og Kathleen Edwards. Og så bra er det faktisk og. Attende i det slentrande hjørnet til opninga på plata beveger ”Katherine’s Song” seg. Og når vi er inne på slektningar: Dette er ein nær slektning av Simon & Garfunkel sin ”The Boxer”. Det er så ein ventar på drønnet frå heissjakta på lailai-la refrenget. Men heller ikkje denne liknar så det blir klamt og ubehageleg. ”Hard Light” er som snytt ut av nesa på Conor Oberst og Bright Eyes. Og igjen utvidar bandet paletten og sørgjar for god variasjon. Utan at det verkar påtrengande og tvungent. Og for liksom å understreke poenget mitt roar dei det heilt ned att på ”Parachute”. Og leikar Jayhawks igjen. Det vil seie, leikar og leikar. Angry Wasp leikar ikkje butikk. Heile plata er gjennomført med høg kvalitet både i musisering og låtskriving. ”Crumbs Along The Path” ligg også opp mot Jayhawks. Men den seinare utgåva då Olson hadde sin lange pause frå bandet. Og denne låten er meir mot Westcoast med fløyte og slideguitar. Men så skrur Angry Wasp opp dei elektriske gitarane på ”Tangled Web” og visar at dei kan bråke litt utan å fjerne seg særleg langt frå grunntanken i det dei driv med. Med eit riff som blir gjenteke gjennom låten og eit refreng som sit som ei kule. ”Five Neon Letters” verkar som ei naturleg avslutning på plata. Vokal og harmonivokal berre akkompagnert av ein akustisk gitar syter for ei var og fin finale. Tilsynelatande. For Angry Wasp har meir på hjartet. Vi får ”Tangled Web” ein gong til. I alternarive version. Ein psykedelisk versjon, med fleire instrument. Mellom anna trommemaskin. Og då var dei ferdig. Med ei særs sterk plate.

Denne kjem til å komme høgt på mi årsbesteliste.

PS. Nemnde eg at dei kjem frå Bergen?

Artikkeltags