Terningkast 5: ANDERS BJØRNVOLD

Artikkelen er over 5 år gammel

”Storkar”

DEL

Sikkeleg internasjonal utgjeving. Nordmann med plate spelt inn i Nashville og gitt ut på svensk selskap. Den svenske labelen Rootsy står etter kvart bak så mange gode utgjevingar at eg har problem med kvar eg skal byrje. Sjekk heller ut sjølv: http://www.rootsy.nu/label/

Då er det ikkje tvil om at Bjørnvold har hamna på rette staden.

Og når det er sagt. Det er ei spanande plate Bjørnvold har laga. Tilsynelatande forankra i den norske visetradisjonen. Og der hadde den nok blitt værande om han ikkje hadde tatt turen til Nashville og sleppt amerikanske rootsmusikarar laus på materialet sitt. Det er ein stødig gjeng han har med seg. Ved første augekast kjenner eg igjen Chris Scruggs, lap steel. Barneborn av legenda Earl Scruggs. Og musikar på siste platene til Austin Lucas ”Stay Reckless” og Kelly Willis & Bruce Robison ”Cheater's Game”. For å nemne dei nyaste.

Materialet som i utgangspunktet verkar å vere traust, som norsk visesong ofte er, har fått eit skikkeleg løft i den tidlegare countryhovudstaden. Kva det er hovudstad for no, veit eg ikkje kva eg skal seie. Men det er ikkje musikk av kvaliteten på denne plata, ein finn på den gjengse plateutgjevinga frå Nashville no til dags.

For dette er genuint. Det er country og folk av høg kvalitet. Som til tider minnar meg om Bob Dylan på 60-talet. "Highway 61 Revisited" og ”Blonde on Blonde”, mykje grunna gitar- og orgelspelet på denne plata. Av norske samtidige artistar vil eg nemne bandet Ulabrand og Roy Lønhøiden.

Men måten ”Storkar” er gjennomført på, gjør at eg no held Bjørnvold som ein favoritt.

Høgdepunkt: "Når sola skinner, på en ny dag", glimrande opning, og ”Storkar”.

Artikkeltags