Terningkast 5: ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET

Artikkelen er over 8 år gammel

”Furet Værbitt”

DEL

Når alt er sagt og gjort. Når støvet ligg seg igjen vil Åge stå igjen som det verkeleg store ikonet fostra i Trøndelag. Innan rocken. For 42 år inn i karrieren er mannen skarpare enn nokon sinne. Og då tilgjev ein dei feilskjera han har hatt i tida som har gått. Deler av 80-talet, heile 90-talet og halve det tiåret vi nett har vore igjennom var rett og slett ikkje så mykje å samle på. Når det gjeld Åge-utgjevingar. Men det er gløymt no. For så lenge han leverer plater som denne og dei to føregåande, overser ein lett det som har vore under pari. I ein alder av 62 år viser han at alder ikkje er nokon hemsko. Verken i det musikalske eller det lyriske. Og spesielt det siste har sjeldan vore betre enn det er her.

Denne gongen har Åge gitt frå seg produsentrolla for første gong. Han har latt mannen med erfaring frå produksjonar med Locomotives, Odd Nordstoga, Marit Larsen og Motorpsycho, Kåre Vestrheim, ta hand om produksjonen. Og utan forkleining for det Åge har gjort så langt: Det var eit godt grep. Det er alltid sunt å få inn nye impulsar. Sjølv om ikkje forandringane blir store. Dette har blitt meir ei konsolidering av situasjonen.

Om ikkje anna verkar det som Vestrheim har fått litt meir luft inn i produksjonen. Noko som opninga ”Medvind” er første eksempel på. Gitarane godt til stades. Fint utfylt av keyboards. Med godt og stødig tempo. ”Oss To” har mykje av det same. Berre litt rolegare. Endå rolegare er ”I Ly Av Stormen”. Eit meir akustisk lydbilete. Og ein tekst om å bry seg og å vere til stades. ”Drittlei” er snarare motsett. Det handlar om dei som bryr seg for mykje. Og om å ha lov til å ikkje vere så normal at ein passar inn i samfunnet. Ønskje om å ha lov til å drite seg ut. Utan at nokon skal bry seg. Eg elskar tekster som dette. Og Aleksandersen er vel den her på berget som saman med Ole Paus over tid meistrar denne sjangeren best. Med eit fint slentrande tonefølgje. Det er ikkje mykje slentrande over ”Total Kapitulasjon”. Her snakkar vi om tøff utagerande rock. Som ligg nærare Locomotives og DumDum Boys. Med eit refreng med høg allsongfaktor. ”24/12” er ei beskriving av jula med totalt fråverande julestemning av det tradisjonelle slaget. Ei mørk song med eit nydeleg tonefølgje. Som Radiohead på det mest melodiøse rundt ”OK Computer”. Med mykje orgel og fint strengearbeid. Han går litt attende i tid på ”Maria Magdalena”. Ca. 30 år til ”Dains med Mæ”. Og ”Born To Run” med piano og saksofon. Mens han nikkar over grensa til Eldkvarn og Ulf Lundell. Stort og episk. ”La de små barn komme” skranglar i veg og manar fram eit bilete av ein prest du vil halde langt unna borna dine. Den låten på plata som ligg folk og country nærast. Ikkje ulikt Felice Brothers og Low Anthem i det skranglete hjørnet. Han held fram i same sjangeren på ”I same Båt” berre meir elektrisk. Og litt rolegare. ”Treet” tek på lydsida opp att tråden frå ”Maria Magdalena”. Ein låt som er like stor kjensleladd. Det er lagt noko inn i lyden på desse låtane som gir dei ein ekstra dimensjon. Og han har her fått med seg dottera Line Sofie på vokal. Noko som løftar låten endå høgre. Men då er dette etter kvart på tide å stanse og ”Reise med vind”. Nok ein låt som ligg nær opp til folk-musikk. Men litt meir harmonisk og behageleg. Ei fin avrunding på plata.

Og til dei som saknar utvikling og fornying. Ja kva med det? Denne plata byr ikkje på noko nytt eller revolusjonerande. Og takk for det. Åge gjør det han kan best. Lagar sterke melodiar og tekstar. Og syng dei på sin umiskjennelege måte. Denne gongen med litt betre lydbilete. Det er eigentleg alt eg treng.

Artikkeltags