Det starta med ei melding frå Olav Larsen til Aaslandbros sommaren 2012 og enda, førebels, med denne utgjevinga. Aasland Brothers er tre brør Aasland pluss Kenneth Andersen. Med vokalist og multiinstrumentalist Erlend Aasland i spissen.

Larsen ytra ønske om eit samarbeid etter å ha opplevd bandet på konsert og blitt mektig imponert av deira Johnny Cash-hylling (http://aaslandbros.wordpress.com). Han antyda eit musikalsk samarbeid i retninga ”chicka-boom-boom-rocka-fucking-billy med tekstar som hyllar det amerikanarane ville kalt ”Drunkards, Misfits & Losers””. Og sånn har det blitt.

Sjølv om opninga ”Maria #5” er det eg vil kalle umiskjenneleg Olav Larsen. Countrymusikk han har levert over tre plater, inkludert årets fine ”Memory Lane”. Med litt ekstra innlagt tyngde og twang i gitaren til Erlend. "Follow The Drinking Gourd" derimot plasserer skapet der det skal stå. Med fullt fokus på tyngre, twangy gitarar og allsong med Erlend i spissen. Og ein djupare tone i vokalen. Dei fyrar deretter laus med chicka-boom-boom på "I Am What I Am". Og Larsen attende på hovudvokalen. "No Good Reason" køyrer endå lengre ut i Cash-land, og avsluttar denne fine plata. Her delar Aasland og Larsen på hovudvokalen. Med stort hell.

Dette er det ein kalle eit overskotsprosjekt, frå to på sine kantar suverene artistar. Får håpe at Aasland Brothers no og kan få ut ein eiga plate. Akkurat kvaliteten på den er lett å fastslå på førehand. Den vil bli høg akkurat som på denne.