Terningkast 4: 99th FLOOR

Artikkelen er over 11 år gammel

«Eclectic Guitar»

DEL

Førre plata til oslobandet 99th Floor kom ut i 1988, hette «Little Painkillers», og sia årets plate var så pass interessant, plukka eg fram att vinylen og tok ein lytt. Og den let framleis bra 19 år seinare!

Men eg må jo innrømme at eg ikkje hadde klart å kjenne dei igjen. På 88-utgjevinga let dei veldig 80-tals indierock, som til dømes Viiolent Femmes. Denne gongen let dei meir variert. Den svingar innom soul, popmusikk («Boys» kunne ha vore laga av Frank Hammersland), skeiv country, gitarrock, garasjerock, etc.

Variasjonen er med andre ord stor, og det er nettopp mangelen på ein klar raud tråd som hindrar denne plata frå å gå heilt til topps.

Artikkeltags