Pipefeiar Anga mafialeiar etter å ha filma drapsforsøk på Eikefjord Cup

TEMPOPODDEN: Kristian Vårdal gir alt i tacklingane.

TEMPOPODDEN: Kristian Vårdal gir alt i tacklingane. Foto:

DEL

TempopoddenEtter to veker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrande påskespesial.

Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, sette sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering.

I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av olbogar, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo.

Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelarar som forlata bana i protest, skodespelarprestasjonar på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.

Denne påskespesialen er delt opp i to omgangar på 45 minutt, som seg hør og bør ein skikkeleg fotball-pod. Du finn dei på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podcastane til Firdaposten. Eller du kan høyre begge podcastane akkurat her:

Første omgang:

Andre omgang:

Artikkeltags