Men PGS er langt frå å vere berga. Selskapet må framleis finne ei løysing med kreditorane sine, som hadde 18. september som forfallsfrist på eit lån på 135 millionar dollar.

Samla har PGS ei gjeld på rundt 10 milliardar kroner, så sjølv om 1,2-milliardarslånet blir handtert, heng det framleis mørke skyer over konsernet som etablerte seg i Florø for to år sidan.

Hovudproblemet for PGS er stor gjeld i ein bransje der oppdraga for tida i stor grad uteblir. Børsverdien for PGS har ifølgje Dagens Næringsliv falle med 80 prosent på eit år.