PFU UTTALER: Firdaposten braut god presseskikk i kommentarartikkel

Eit fleirtal i Pressens faglege utval meiner Firdaposten braut Ver varsam-plakatens paragraf 4.1, i kommentarartikkelen "Beretninga om ein varsla tragedie". Firdaposten har dermed brote god presseskikk.

DEL

PFU UTTALER:

Klaga gjeld ein kommentarartikkel i Firdaposten, skrive av ein av journalistane i avisa. I artikkelen omtalte journalisten ein tidlegare kjenning som hadde vore ein del av rusmiljøet, og som no var død.

Klagar er Tiltakstenesta i Flora kommune på vegner av og med samtykke frå pårørande til den avlidne. Slik klagar ser det, inneheld teksten fleire identifiserande opplysningar og skildringar. Klager meiner teksten er svært utleverande, og reagerer på fleire meiningar og påstandar som også kan opplevast støytande for familien. Det blir opplyst at teksten verken var godkjent eller lese gjennom av pårørande.

Firdaposten forklarer at journalisten kontakta pårørande for å fortelje at det ville komme ein kommentar, og gi dei moglegheit til å lese den før publisering. Ei misforståing i redaksjonen førte til at teksten likevel ikkje vart send, noko som er beklaga. Firdaposten uttrykker forståing for at det kan vere tungt for pårørande å lese kommentaren. Slik Firdaposten ser det, er teksten likevel viktig, og omtaler den avlidne på ein «respektfull, varm og ærleg måte». Slik redaktøren ser det, uttrykker journalisten i teksten «ei bøn om at vi må sjå desse menneska som menneske». Firdaposten kan heller ikkje sjå at den avlidne er identifisert utover den kretsen som kjente den avlidne og livsløpet til vedkomande.

Pressens Faglige Utvalg (PFU) noterer seg at redaksjonen tok kontakt med pårørande før publisering for å førebu dei på kommentaren som ville bli publisert. Sjølv om det i utgangspunktet ikkje var eit presseetisk krav i dette tilfellet å sende teksten slik at dei pårørande fekk lese gjennom han, meiner utvalet det er uheldig at teksten ikkje vart send som avtalt. Fleirtalet til utvalet viser her på generelt grunnlag til punkt 3.3 i Ver Varsam-plakaten (VVP) om å klargjere premissar i kontakt med kjelder og andre. Fleirtalet til utvalet minner òg om viktigheita av å vise særleg omsyn overfor menneske i sorg, jf. siste setning i VVP 3.9 og 4.6.

Slik utvalet ser det, er det ingen tvil om at den publiserte kommentaren er ein subjektiv tekst, ein personleg refleksjon, der journalisten har ønskt å skape sympati og forståing. Trass i den gode intensjonen, finn fleirtalet til utvalet teksten presseetisk problematisk.

Som utvalet har uttalt fleire gonger, har òg døde personar krav på å bli verna mot unødige krenkingar, ikkje minst sett på bakgrunn av at dei ikkje lenger kan tale si sak. Ein må derfor vere særleg varsam ved slik omtale; ein må ta omsyn til ettermælet til den avlidne, jf. VVP 4.3 om respekt for menneskes eigenart og privatliv.

Sjølv om den avlidne ikkje blir identifisert, vil mange kunne forstå kven det handlar om ut frå opplysningane som er publiserte. Slik fleirtalet til utvalet ser det, inneheld kommentaren opplysningar, meiningar og utsegner som er for nærgåande, og som ikkje berre gjeld den avlidne, men òg pårørande. Fleirtalet til utvalet meiner Firdaposten i dette tilfellet skulle utvist større omtanke, jf. VVP 4.1. I denne samanhengen meiner fleirtalet til utvalet at tidspunktet for publiseringa òg er viktig, då kommentaren vart publisert samtidig som familien stod i sorgprosessen.

Firdaposten har brote god presseskikk på punkt 4.1 i Ver Varsam-plakaten (VVP).

Oslo, 25. september 2019

Gunnar Kagge, Nina Fjeldheim, Øyvind Kvalnes, Kristin T. Hoff

DISSENS:

Utvalets mindretal vilinnleiingsvis minne om kommentarens frie stilling. Her handlar det ikkje om kommentaren er god eller dårleg, eller om å like eller mislike innhaldet, men om det er ei berettiga meningsytring rundt eit sårbart, men viktig tema. Mindretalet har respekt for at pårørande står i ein sorgprosess, men viser til at kommentaren blei publisert over ei veke etter sjølve dødsfallet, og at alle nærståande på dette tidspunktet var informert. Den omtalte er ikkje nemnt ved namn, og vil for dei fleste vere anonymisert.

Å omtale eit dødsfall på denne måten vil nødvendigvis stå i skjæringspunktet mellom omsyn til avlidnes ettermæle og dei pårørande på den eine sida og den offentlege debatt og nyheitsbehovet på den andre. Mindretalet meiner Firdaposten har lagt vekt på begge deler.

Ettersom avisa hadde lova pårørande å få lese artikkelen på førehand, burde dette vore halde. Det var imidlertid ikkje inngått avtale om høve til å endre i teksten, og til slutt er det ei redaksjonell vurdering om og når det skal publiserast.

Mindretalet er av den oppfatning at grunntonen i artikkelen er basert på respekt og forståing for avlidne. Kommentaren representerer inga krenking, men tar utgangspunkt i at dødsfall er offentlege hendingar, som enkelte gonger kan føre til ein offentleg debatt.

Etter ei samla vurdering meiner PFUs mindretal at Firdaposten ikkje har brote god presseskikk.

Oslo, 25. september 2019

Anne Weider Aasen, Liv Ekeberg, Lars Helle

Les kommentaren "Beretninga om ein varsla tragedie" her


Artikkeltags