Femtito, feit og ferdig

Kva betyr det? Jo, at du er gamal, ikkje veit kva du snakkar om, og at det ikkje er noko poeng i å forklare deg det. Foto: Marco Verch/Flickr

Kva betyr det? Jo, at du er gamal, ikkje veit kva du snakkar om, og at det ikkje er noko poeng i å forklare deg det. Foto: Marco Verch/Flickr

DEL

ByhjorthenEg kjenner berre ein person i heile vide verda som syntest at «Mot i brøstet» var morosamt. Andreas, du veit kven du er. Eg veit sjølvsagt at det må vere fleire enn han, sjåartala var heilt vanvitige, men kor dei bur eller kven dei er alle saman, har eg ingen idé om. Det er eit av verdas store mysterium.

Dette vidunderet av ein komiserie gjekk på TV i same periode som «Lille Lørdag», med Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Kontrasten var stor. Bård og Harald var nyskapande og uføreseielege. Sven Nordin, Nils Vogt og Arve Opsahl var trauste, gamaldagse, og du kunne gjennomskode kor vitsen skulle fem minutt før den kom dit. «Mot i Brøstet» var drit.

Denne veka var han som skapte «Mot i Brøstet», Tore Ryen, ute i media og kritiserte norsk TV-underhaldning for å mangle kreativitet og genuint gode eigenproduksjonar. Særleg får NRK si sjåarsuksess «Side om side» gjennomgå. Den manglar truverd, er berre ei latterleg smørje av tilgjort moro, og skodespelarane er ikkje skodespelarar. Det er sannsynlegvis det morosamaste Tore Ryen nokon gong har levert.

Dette føyer seg inn i ei lang rekke av eldre, pensjonerte humoristar som kritiserer den nye generasjonen for at dei verken er morosame eller intelligente. Rolv Wesenlund gjorde det. Det er slik det skal vere. Det er nærast ei naturlov. Om eg vender blikket innover er det ikkje vanskeleg å sjå at eg er på full fart dit sjølv. Eg er ein boomer. Eg er ein humørlaus sjel som rister på hovudet av dei som er unge i dag. Eg synest alt var betre før, og eg synest ikkje det er noko som er morosamt lenger. Med mindre det er laga før 1985.

For ei tid tilbake viste NRK opptak av det nyaste humorshowet til Marit Voldsæter, som eg alltid har likt godt. Men denne gongen synest eg det var ganske kjedeleg. Eg så Are Kalvø i Samfunnshuset, og eg syntest ikkje vitsane var noko særleg betre enn det eg sjølv kunne klart. Det var mykje sjølvsagde greier eigentleg. Skuffande. Og dette er liksom humoreliten her i landet. Nei fysj. Alt var betre før. Når lo eg eigentleg skikkeleg av noko? Jo. Eg lo faktisk her om dagen. Då hadde eg eit gjensyn med «Life of Brian». Monty Python er framleis morosamt. Den filmen er frå 1979.

Verre enn at eg slit med å finne noko som er morosamt i 2020 er det at eg opplever at eg sjølv også blir mindre og mindre morosam. Jau då. Eg kan sjølvsagt dra ein pappavits i ny og ne, det er ikkje det. Kva grønsak er den morosamaste grønsaka i grønsakdisken? Det er sjølvsagt artig-sjokken. Og alle veit vel at den hunderasen som drikk aller mest vatn er olden retrieveren. Men sjølv ikkje kidsa ler av pappavitsane no for tida, og dei gode replikkane kjem ikkje lenger like lett. Det hender at trettenåringen finn noko han meiner er morosamt på YouTube, og vil vise det til meg. Eg skjønar som regel aldri noko av det.

Foreløpig har eg innsikt nok til å skjøne at tida er i ferd med å gå ifrå meg. Eg er i ferd med å bli irrelevant. Ein gamal surgubbe. Ein kvit mann på over femti som berre må finne seg i å få ein «OK Boomer» slengt i trynet av dei unge og framandstormande folka som trur dei skal inn og endre verda. Eit uttrykk som betyr at du er gamal, ikkje veit kva du snakkar om, og at det ikkje er verd å bruke tid på å forklare deg det. Der har du meg no. Femtito, feit og ferdig. Men eg veit det. Det er då noko.

På eit tidspunkt reknar eg med at eg blir so gamal at eg ikkje ein gong skjønar so pass. Då skal eg bli som Tore Ryen, Rolv Wesenlund og andre som har gått vegen før meg. Klage på den nye humoren, alt eg ikkje skjønar, og mimre om den gongen eg sjølv kunne få folk til å le med ein kvikk kommentar. Det er ikkje så gale. Det hadde vore verre om eg enda opp som far min, som i sine siste år berre hadde ein vits på repertoaret som han fortalde i alle moglege sosiale samkomer, og lo høgt av den sjølv.

Sannsynlegvis for å dekke over at det ikkje var nokon andre som lo. I know the feeling.


Artikkeltags