Lad alt håb fare..?

Det er ingen spøk å leve med tenåringar i hus. FOTO: Illustrasjonbilde Monkey Business NTB/Scanpix

Det er ingen spøk å leve med tenåringar i hus. FOTO: Illustrasjonbilde Monkey Business NTB/Scanpix

Artikkelen er over 5 år gammel

For eiga rekning

DEL

Det fins eit rom i huset eg ikkje entrar utan god grunn. Ei dør eg ikkje opnar utan å kjenne meg som David Attenborough, der den voldsomme entusiasmen er erstatta med nervøse rykningar og vaktsamt blikk. Uansett kva gyldig ærend eg har, hadde eg helst sett at eg slapp.

Men nokre gongar må eg. Då stig eg med varsemd inn i dei framande luftlaga, der grøne slyngplanter ålar seg langs veggane og giftiggul damp ringlar seg trugande rundt anklane mine. Dampen skjuler mystiske og viltveksande biotopar som ville fått sjølv den mest mediekåte forskar til å tenke seg om to gongar før publisering.

Ingen veit kvar dei har utvikla seg frå. Eller, det vil seie, visse teoriar må ein vel innrømme å ha utvikla. Det har hendt at ein har observert uidentifisert biologisk materiale som kan vere opphavet til både det eine og det andre, for å vere ærleg. Eine gongen likna det mistenkeleg på ei pizzaskorpe, attgløymd under ein grå sokk. Men kan det stemme...? Det var jo berre eit raskt glimt under ein av desse skundsame turane innom som ikkje let seg utsette. Når ein til dømes skal presse ein stabel reine klede inn i eit overfylt og kaotisk skåp.

Det er også andre urovekkjande sider ved dette rommet: Med ujamne mellomrom vert kjøkenet tømt for det eine eller andre. Ofte er det snakk om glas av ein viss storleik (dei største), eller det kan vere at det tynnast så merkeleg i bestikkskuffa. Vanlegvis er det skeiene som blir borte (dette samanfell ofte med at det er yoghurt i kjøleskapet eller is i frysaren, utan at eg direkte har kunna påvise nokon samanheng). Og dei har det med å dukke opp att på akkurat dette rommet.

Det får meg til å undre meg over om det kan skjule seg eit dyreliv inne i den okergule skodda. Ein veit jo til dømes at skjæra kan vere ein god eitel til å stikke til seg glitrande saker og ting og gøyme i reiret sitt – kan det vere at det lever ein, eller til og med ei heil stamme, av skapningar med liknande tendensar her, på dette rommet?

I alle fall er det ingen tvil om at vesenet (vesena?) har næringsvit. Ja, ikkje berre næringsvit forresten, men ein apetitt av galaktiske dimensjonar. Ofte, når eg står opp om morgonen, er det tydeleg at kjøkenet har vore utsett for raid sidan eg gjekk til ro kvelden før. Heile brød med tilhøyrande påleggspakkar, litervis med yoghurt, appelsinjus, saft og brus er forsvunne. Små berg av speilegg og kassevis med tomatar og appelsiner - borte. Visse matvarer må ein spørje seg om det er vits i å kjøpe, for dei kjem så allikevel ingen i hushaldet til gode. Verkar det som. Og kjøkenet ser ut deretter. Kniv, smør, brødfjøl, ja heile kjøkenbenken er overstrødd med smular! Og på komfyren står steikepanna forlaten, med rause mengder kaldt feitt i botnen.

Dette tyder på at dersom min teori om eitt eller fleire vesen stemmer, så er det tale om eit visst utviklingsnivå. Til dømes er desse skapningane i stand til å lage tilberede føde: Leite fram eigna reiskapar til å utføre jobben med, bedømme bruken av varme og så vidare.

Men dei er ikkje komne langt nok i utviklinga til å avslutte arbeidet på forsvarleg vis, altså ved å rydde. Og dei verkar klart ute av stand til å bedømme konsekvensane: Raseriet det utløyser hos den neste som går inn på kjøkenet og får katastrofeområdet midt i trynet, til dømes.
Men det verkar som raseri og store fakter aldeles bortkasta og dermed kan ein like godt implodere stillferdig i sofakroken.

Tru meg, det er ingen spøk å leve med tenåringsgutar i hus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken