(Firda)

– Ein mann i 20 åra hindra trafikken og var utagerande mot bilar i Florø i natt, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen.

Politiet rykte ut like før midnatt etter meldingar om at ein mann i Florø skal ha spytta og slått mot bilar i trafikken.

– Mannen vart også valdeleg mot politiet, og gjorde skade på patruljebilen. Han er blitt tatt i arresten og blir avhøyrd i dag, seier Johannessen.