Permitterte får forskot på dagpengar til påske

Er du permittert, kan du få forskot på dagpengar allereie denne veka.

DEL

(Firda) - Ein ny søkeportal kjem på plass på nav.no i løpet av måndag ettermiddag. Dette har gått i rekordfart slik at permitterte og arbeidsledige kan få ut forskot på dagpengar før påske, seier Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar i NAV Vestland til Firda måndag morgon.

Seinast onsdag før påske

Søkjer du måndag 30. mars eller tysdag 31. mars, vil forskotet kome inn på konto fredag 3. april.

Alle som søkjer seinast fredag 3. april vil få utbetaling innan onsdag 8. april, altså dagen før skjærtorsdag, melder NAV på heimesida si.

Vanleg saksbehandlingstid i NAV for dagpengar er tre veker.

Ventar auke i arbeidsløysa

Det har vore ein eksplosjon i talet på arbeidsledige i heile landet etter at korona-pandemien kom.

I løpet av to veker har NAV fått inn nesten 300.000 søknader om dagpengar. Det er den største arbeidsløysa sidan 2. verdskrig. Også lokalt er arbeidsløysetala store.

– NAV presenterer nye tal for arbeidsløysa 3. april. Vi ventar at talet vil auke, men ikkje i same fart som dei to føregåande vekene, seier Frode Henden.

Undersøkingar viser at det er fleste permitterte blant lågtlønte, kvinner og ungdom.

Må bruke portalen

For å få forskot må ein på vanleg måte ha søkt dagpengar som følge av permittering eller at ein har mista jobben.

Ein må fylle grunnleggande krav for rett til dagpengar, og ein må gå inn på den nye portalen til NAV og søke om forskot.

Her kan du finne meir detaljert informasjon om ordninga.






Artikkeltags