Mellom anna kan du høyre om då Helle vart nærast lamslått då manageren til Jan Teigen åtvara han om kva som stod på raider-lista til den folkekjære artisten då han kom til Florø.
Elles byr Helle på ei anna artisthistorie frå Florø: Den gongen då han vart varsla om at ein halvnaken mann pissa opp etter Kim Larsen sin buss ved kaia i Florø og han hasta ned for å ordne opp.
– Fire meter ifrå så ser vi: Oj! Det er jo Kim Larsen, fortel Helle, som vidare fortel at den danske artisten snudde seg roleg mot han og vaktene og lurte på om det ikkje måtte vere lov å stå og pisse opp etter sin eigen buss.
Resten av historiene og podkasten i sin heilskap ser du i videovindauget øvst i saka.