Tempopodden fortset sin Florø-turné, og har denne gangen lagt anker i vakre Vågastubben. På altanen til tiårets keeper i FK Tempo, er nysigneringa Simen Reksten Solheim på besøk, for å preike om laust og fast i kveldssola.

I dagens episode får lyttarane eit eksklusivt innblikk i Florø Fotballs «last dance» i OBOS, erfaringar frå byens mest tradisjonsrike fotballturneringar, historia om då Simen pensjonerte Eirik Bakke, og mykje meir!

I tillegg får ein svar på dei etterlengta spørsmåla: Kven selde sjela si for ein glass-Cola? Kva skjedde eigentleg når Ole rauk korsbandet? Og kven var denne urmannen som blotta seg til Keltisk musikk i Fagerdalen?

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podkastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her: