– Vi må stoppe høgresida sin vonde sirkel

1. maitog med Ingrid Heggø, talar for dagen, i front.

1. maitog med Ingrid Heggø, talar for dagen, i front. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Parti som kynisk fiskar stemmer ved å piske opp mistru og hat mellom menneske set arbeidsfolk sine rettar under stadig sterkare press.

DEL

1. maiDet var eit sentralt tema for første mai-talen til Ingrid Heggø (Ap), som talte i Florø og på Eid første mai.

Som sosialdemokrat held ho på at fellesskapsløysingane ikkje er gått ut på dato.

– Tvert om er fellesskapet viktigare enn nokon gong før. Vi ser at det bles ein kald høgrevind over Europa og den vestlege verda. Arbeidsfolk sine rettar er under stadig sterkare press. Vi ser lausarbeidarsamfunn oppstå på ny og utanforskapet breie om seg. Forskjellane aukar. Og vi ser ein høgrepopulisme på frammarsj i land etter land, påpeika ho.

Hennar analyse er at høgreparti kynisk fiskar veljarstemmer ved å piske opp mistru og hat mellom folk. Heggø meiner det blir snakka for lite om den stille alliansen mellom den klassiske «stovereine» høgresida og den populistiske. Om det ho karakteriserer som høgresida sin vonde sirkel.

Både Høgre og partiet Venstre sit i regjering no fordi dei let Listhaug herje fritt i valkampen.

Ingrid Heggø, Ap

Ho ser at synergien på høgresida oppstår når framandfiendtlege parti sikrar fleirtal for dei gamle høgrepartia. Då blir det ført ein politikk som aukar forskjellane og den sosiale frustrasjonen i samfunnet. I neste omgang sikrar ein veljargrunnlaget sitt på nytt, ved å la høgrepopulistane skulde på «dei andre», på folk med innvandrarbakgrunn. Det fører til endå større skilnader.

– Eg fekk tydeleg innføring i dette då eg besøkte Washington nyleg. Politikken som vert ført aukar forskjellane stadig meir. Dette såg vi også ved valet her heime i fjor. Både Høgre og partiet Venstre sit i regjering no fordi dei let Listhaug herje fritt i valkampen. Det likar dei ikkje at vi minner dei på, men det kjem vi til å fortsette med. Vi må stoppe høgresida sin vonde sirkel før den gjer endå meir skade, oppmoda ho i si første mai-tale.

Ho streka under at Arbeidarpartiet skal sikre arbeidsfolk sine rettar til fast tilsetting og pensjon og sørge for å nedbygging av privatiserte offentlege tenester.

Florø 2018

Ingrid Heggø er nøgd med oppmøtet og responsen både på Eid og i Florø.

– Eg synest det var bra oppmøte i toget i Florø i år. Det har vore tynnare i rekkene ved tidlegare besøk. Det var god stemning, men det er klart at på denne dagen kjem eg til mine eigne, seier ho.

– Opplever ikkje du å treffe industriarbeidarar som stemmer Frp?

– Ikkje no. Det var slik på 1990-talet. Våre analysar viser no at mange sosialdemokratar har sett seg på gjerdet og ventar med å bestemme seg til rett før val.

– Merkar du noko til det såkalla Ap-hatet?

– Ikkje personleg, men både Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tadjik får vern av politiet. Eg ønsker i alle fall ikkje å gå ned på Sylvi Listhaug (Frp) sitt debattnivå.

– Er det ikkje ei utfordring med kommunikasjon for Ap når mange av dei sentrale politikarane kjem frå reindyrka politikarfamiliar i Oslo-regionen?

– Vi hadde Jens Stoltenberg, som fekk status som ein mann av folket, medan Jonas Gahr Støhre stadig blir møtt med den sosiale og økonomiske bakgrunnen sin. Arbeidarpartiet skal vere eit parti for mangfaldet. Eg kjem frå ein industriplass, men eg deler Jonas sine politiske ideal og verdiar. Det var ein person som nyleg sa at «Det er betre å vere fødd med ei sølvskei i munnen, enn ei vondskapsfull tunge". Det er godt formulert. I vårt parti skal det vere moglegheiter for alle, anten ein kjem frå elitefamiliar eller kjem frå ein heilt vanleg oppvekst med foreldre som er industriarbeidarar eller til dømes lærarar. Folk ville bli veldig overraska viss dei fekk oppleve kor variert bakgrunn gruppa vår på Stortinget har.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags