Gå til sidens hovedinnhold

Passasjer på snøggbåten smitta – utsette avgangen til Sogndal

Artikkelen er over 1 år gammel

Folkehelseinstituttet (FHI) har varsla Norled om at ein passasjer på snøggbåten MS «Tyrving» frå Bergen til Rysjedalsvika onsdag 19. august er stadfesta smitta av koronaviruset.

(Sogn Avis)

FHI opplyser til Norled at dei ser på risikoen for smittespreiing som låg.

På den aktuelle ruta 19. august var det 39 passasjerar med frå Bergen, i tillegg til eit mannskap på fire personar. I Rysjedalsvika gjekk 12 passasjerar av, medan seks kom på, skriv Norled i ei pressemelding.

Norled hjelper offentlege styresmakter med passasjerlister og ventar tilbakemelding om eventuelle andre tiltak som vil vera naudsynte i arbeidet med smittesporing. I samråd med helsestyresmakter vil det også bli vurdert om Norled-tilsette som var om bord skal testast for smitte.

Måtte byta båt

MS «Tyrving» vart fredag ettermiddag teken ut av trafikk for å gjennomgå desinfisering og smittevask. Den planlagde avgangen klokka 16.30 frå Bergen til Sogndal vart utsett slik at MS «Teisten» vart gjort klar som erstatningsfartøy. «Teisten» går fredag ettermiddag til Rysjedalsvika, og der vil det bli overgang til «Frøya», som tek passasjerar vidare til Sogndal.

Kommentarer til denne saken