Pandemi og heimekontor har ført til ein ny arbeidskvardag for mange av oss. No står endeleg ein pandemifri sommar for tur, men kor mykje koplar me eigentleg av? Undersøkingar tyder på at mange jobbar meir ubetalt og let skiljet mellom jobb og fritid flyta litt ekstra etter at kontorstolen følgde etter oss heim. Me vil derfor ropa litt varsko no som batteria skal ladast og tilrår at heimekontoret får støva ned i sommar.

Misforstå meg rett, som leiar for ingeniørane og teknologane i NITO Sogn og Fjordane er eg teknologioptimist og set pris på høva og fleksibiliteten ny teknologi gjev oss i en hektisk kvardag. Samstundes blir dette fort ei «honningfelle» dersom ein ikkje er varsam og let seg lokka av heimekontor i ferien.

Heimekontoret har kome for å bli og eg er viss på at partane i arbeidslivet finn gode løysingar for framtida. Likevel er det dagens situasjon som uroar meg før ferien. NITO har i fleire år spurt våre medlemer om det å vera tilgjengeleg i sommarferien og aldri før har så mange som no sagt at dei vonar at sjefen ikkje ringjer. Det tyder på at folk treng ein pustepause og ein fråkopla ferie.

Som tillitsvald har eg eitt godt råd å koma med medan me ventar på eit meir ferdigtygd regelverk kring heimekontor. Snakk saman!Dersom du og sjefen set dykk ned før du går ut i ferie og avklarar kva som er venta i høve til om du skal vera tilgjengeleg vert det mykje lettare å senka skuldrane. Det fortener me alle i ferien.