Påskekrim er best på radio

ILLUSTRASJON: Døde menn går i land er tidenes beste norske kriminalhøyrespel, meiner Arne Borge i Vårt Land.

ILLUSTRASJON: Døde menn går i land er tidenes beste norske kriminalhøyrespel, meiner Arne Borge i Vårt Land. Foto:

PÅSKE: Det er fort å gløyme no som alt skal gå så fort, men også Radioteateret har ein god og lang tradisjon for påskekrim.

DEL

– Då eg vakste opp på 1990-talet var det eit fast høgdepunkt kvar veke å sette seg med nudlar og pølsebitar på kjøkkenet kvar laurdag kl. 14:03. Eg venta på at nyheitsbulletinen skulle avløysast av det kraftige GONG-et som Radioteatret alltid opna med. Så programleiar, krimnestor – og levande legende – Nils Nordberg, som kunngjorde: «Velkommen til studio for mystikk og mørke gjerningar …»

Det fortel kulturredaktøren i Vårt Land, Arne Borge entusiastisk. Og sjølvsagt var påska spesielt viktig for dette mystiske og mørke studioet. Då kom det alltid ein premiere, som blei sendt kvar kveld over fire-fem episodar. Borge peikar på Nils Nordberg si tid som instruktør for Radioteateret som ein gullalder for krim på radio.

– NRK sine kriminalhøyrespel under Nils Nordberg sitt regime er noko av det beste som har skjedd norsk kulturliv etter krigen, seier Borge. Så får det vere ei anna sak at kvaliteten, ifølge Borge, har blitt dårlegare etter at Nordberg pensjonerte seg i 2009.

I Vårt Land har Borge laga ein liste over dei ti beste kriminahøyrespela. Alle saman gratis tilgjengeleg hos radio.nrk.no, eller i radio-appen deira. Vil du sjå alle høyrespela på lista må du lese hos Vårt Land, saka er open, vi nøyer oss med å vis fram dei tre øvste på lista:

«Døde menn går i land» – Etter Bernhard Borges roman. Først sendt i 1988.

– Dette er kanskje det mest perfekte høyrespelet NRK har laga, fortel Borge. Plottet er stramt, skodespelet levande, men det er først og fremst musikken og lydarbeidet som må framhevast. For det er berre ein ting som til sjuande og siste avgjer kor godt eit høyrespel kan bli, og det er atmosfæren. Høyr denne, så forstår du kva eg meiner. Lytt her.

«Historia om Gottlob» – av Torlf Elster. Først sendt i 1969.

– Torolf Elster prøvde med denne forteljinga å famne uvissa på europeiske kontinentet i tiåret fram mot krigen. Det lykkast han med. Dette er nok ikkje for nybegynnarar, plottet er så intrikat at det er bortkasta å seie noko om det, men det startar med ein full manns tale på eit passasjerskip som går på ei mine rett før utbrotet av 2. verdskrig. Sju menneske hamner i ein livbåt, og derfrå går historia hit og dit, i tid og i rom. Lytt her.

«Jernvognen» – Etter Stein Rivertons roman. Først sendt i 1981.

– Høyrespelet gjer ikkje skam på dette som ofte blir kåra til den beste norske kriminalroman gjennom tidene. Jernvognen er psykologisk krim, og viser kor mykje ein vår ut av ein aktiv forteljarstemme i høyrespel. Særleg når den rommar så mykje dramatikk som stemma til Erik Hivju. Lytt her.

Sjå heile lista, og enda nokre anbefalingar her.

KULTURREDAKTØR: Arne Borge med diktsamling i 2017. No har han laga  liste over dei beste høyrespela NRK har laga. Her er det myjhe god påskekrim.

KULTURREDAKTØR: Arne Borge med diktsamling i 2017. No har han laga liste over dei beste høyrespela NRK har laga. Her er det myjhe god påskekrim. Foto:

Artikkeltags