Kysten får det finaste påskevêret

SOL: Slik ser vêrkartet ut skjærtorsdag klokka 13.

SOL: Slik ser vêrkartet ut skjærtorsdag klokka 13. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det skal regne kvar dag i påskehelga, men det er håp på skjærtorsdag, viss du bur på kysten.

DEL

Meteorolog Tone Christine Thaule har ikkje oppløftande vêrnyheiter for deg som hadde håpt på solfylte dagar på ski i påska. For ja, det skal regne. Og ja, sånn ca. kvar dag.

– Onsdag er det venta enkelte regnbyer og snø over 200 til 500 meter. Det er venta vind frå sørvest opp i frisk bris i periodar. I løpet av kvelden vil vinden snu over på nord og vi får gradvis lettare vêr, seier Thaule til Firda.

Les: Her kan du stå på ski i påska

Solgløtt på kysten

Skjærtorsdag ser ut til å bli den beste dagen, viss du oppheld deg i kyststroka i fylket.

– Der er det venta opplett frå tidleg på dag og sola kan kike fram. I indre strok vil det regne og snø og over 300 til 600 meter. På kvelden vil det lette, men den beste dagen blir på kysten.

Fredag blir det spreidde bye over heile fylket, men usikkert i kor store mengder. Laurdag og søndag er det også meldt regnbye.

– Det blir ikkje akkurat lange periodar med finvêr, samanfattar Thaule.

Moderat snøskredfare

Skal du til fjells rår meteorologen deg til å sjå forholda an før du legg ut på tur.

– Når det er meldt byevêr som no, kan vêret skifte fort. Det bør ikkje vere umogleg å gå seg ein tur, men sjå forholda an.

NVE melder om moderat snøskredfare både i indre Fjordane og indre Sogn.

«Fokksnøflaka frå måndag vil gradvis stabilisere seg og det er venta at det skal stor tilleggsbelastning til for å løyse ut skred i desse flaka. Det er venta inn litt ny nedbør og vind frå sørvest som vil leggje opp mindre, ferske nysnøflak i aust og nord. Regn under 700 moh. vil gje moglegheit for mindre, våte laussnøskred i bratt terreng. Faregraden vert vurdert til 2 – moderat i indre Fjordane».

«Ferske fokksnøflak i lesider vendt hovudsakleg mot aust og nord må reknast som ustabile og ein skiløpar kan utløyse skred i fokksnøen i bratte fjellsider. Snøskredfaren vert vurdert til 2–moderat i indre Sogn».

Les også: Dette skjer på utelivsfronten i påska

Artikkeltags