Forslaget kom i Florø bystyre tysdag, som ein del av Ap og Sp sitt budsjettframlegg.

Ap vil ha ei vurdering av å innføre gratisparkering i Strandgata, med til dømes to timar gratis. Sentrumsnære gater kan ha fire timar gratis, mens resterande parkeringsområde har langtidsparkering, for eksempel ei veke.

Parkering på eigen grunn skal vere utan restriksjonar, og all parkering skal vere gratis – og berre tidsavgrensa.

Dette forslaget tok fleirtalet med H, Frp, KrF og Venstre inn i sitt budsjett, som vart vedteke. Dermed har rådmannen fått i oppgåve å greie ut konsekvensane av ei avvikling av dagens parkeringsregime.

Det vil i så fall bety ei avvikling av Florø parkering, og nesten ingen regulering. Saka kom opp som eit såkalla verbalvedtak i budsjettet.

– Ei god julegåve

– Dette høyrest ut som ei god julegåve. Ei gladmelding de lux, seier Per Øyvind Helle, dagleg leiar i foreninga Byen Vår Florø.

Det er no i desember gjennomført i ei prøveordning med to timar gratis parkering i Strandgata. Blir forslaget frå Ap ein realitet, så blir dette vidareført.

Byen Vår Florø skal evaluere denne ordninga i januar, og vil då få konkret informasjon frå butikkdrivarane i sentrum om effektane av gratisparkeringa.

 

– I januar skal vi spør medlemmene våre om å samanlikne omsetninga frå desember 2017 med årets, for å sjå om ein kan spore synleg effekt av gratisparkeringa. Vi vil forsøke å få faktatal på bordet, og det blir spennande om ein faktisk ser endring i omsetninga, seier Helle.

– Det vi umiddelbart har sett, er at det er fleire bilar parkert i Strandgata no i desember enn tidlegare år. Gratis parkering bør jo absolutt slå ut på auka handel, og det er jo positivt.

Han trur kanskje tida er moden for å lempe på regimet i sentrum.

– Då det vart innført betalingsparkering, så var det jo delvis fordi folk som jobba i sentrum ikkje skulle parkere bilane sine i Strandgata heile dagen. Eg håpar vi har fått til ein vane der folk ikkje gjer slikt lengre, at vi har blitt flinkare. Så no er vi kanskje godt oppdradd, håpar han.

– Vertar, ikkje vakter

Han trur absolutt på auka handel som følge av ei omlegging. Men omdømmemessig er heller ikkje parkeringsordninga noko god for byen, meiner Helle.

– Det er vi jo til tider ganske oppgitt over. Parkeringsregimet vårt er ikkje bra for omdømmet. Eg trur vi framleis vil trenge parkeringsvakter, men dei kan heller vere vertar, slik som Joar Teigen i si tid var, i staden for vakter. Vi ønsker at Florø heller skal vere sett på som ein vertsby, i staden for ein vaktby, seier Helle.