Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at talet på viltpåkøyrsler har auka med rett i underkant av 10 prosent på eit år. Inneverande år er nesten 9000 dyr påkøyrde.

Til samanlikning blir det under jakt felt rundt 120.000 hjortevilt (elg, hjort, villrein og rådyr) i året.

– Det er på hausten det skjer flest påkøyrsler. Mørke, tåke og nedbør kan ofte gjere det ekstra vanskeleg å få auge på viltet. Difor bør du redusere farten når du passerer skilt som åtvarar mot viltfare, seier Svendsen.

Demp lyset på skjermane i bilen

NAF tilrår også at du skrur ned intensiteten på skjermane inne i bilen, slik at du beheld så mykje som mogleg av nattsynet ditt. Mange moderne bilar har store touch-skjermar som kan gi frå seg mykje lys.

- Bruk blikket aktivt når du køyrer på strekningar med stor viltfare. Følg godt med langs vegkantane og sjå etter vilt. Møter du ein annan bil bør du heller ikkje sjå inn i lysa, men la blikket følgje vegen, seier Svendsen.

Kjem ofte i flokk

Skilta om viltfare er sett opp der det er dyretrakk og der det er auka fare for å treffe vilt, men du kan også treffe vilt andre stadar langs vegen.

- Dyr kjem fort og i mange tilfelle så kjem det meir enn eitt. Spesielt gjelder det hjort, men også elg kan komme i flokk over vegen, spesielt på hausten. Ser du eitt dyr er det lurt å tenke at det kan komme fleire, seier Svendsen.

Ved å redusere farten skaffar du deg handlingsrom på stadar det er stor viltfare.

- Ved å senke farten litt, kan du skaffe deg den sikkerhetsmarginen du treng for å unngå påkøyrsel. I tillegg vil lågare fart redusere faren for følgeulykker som kan oppstå om du må gjere ein unnamanøver eller om du køyrer på dyret, seier Svendsen.

Ikke følg etter påkjørt vilt

Om du skulle vere så uheldig å køyre på eit dyr, er det viktig å markere staden og varsle politiet, som igjen kan få kompetent ettersøkspersonell til staden.

- Har du køyrt på eit dyr som så går inn i skogen skal du ikkje følge etter. Dyret er høgst truleg skadd og kan i verste fall gå til angrep. Det beste du kan gjere er å merke staden der dyret gjekk inn i skogen og ringe etter hjelp, seier Svendsen.

Eit siste tips frå NAF-sjefen er å tenke gjennom kvar du set frå deg bilen om ulukka har skjedd og at du får ut varseltrekant, slik at bilen din ikkje utgjer ein potensiell risiko for at ei ny ulykke oppstår.