Det melder Vegtrafikksentralen klokka 13.15 julaftan.

Ifølgje Firda skal ein trailer ha sett seg fast i tunneltaket i Magnhildskartunnelen, som ligg på fv. 614 mellom Svelgen og Haukå.

Entreprenør er varsla og er på veg.

Seinast måndag skjedde det same. Då skurte ein semitrailer oppi taket, og reiv laus ei plate. Vegen var stengd i ein liten time.